Kva skjer når søknaden er godkjend?
Om vi godkjenner søknaden deira, må organisasjonsrepresentanten først sende inn ei eigenerklæring for bedrifta og godta vilkåra. Deretter vil vi opprette eit prosjekt med eit prosjektnummer i systemet vårt. All vidare kommunikasjon og rapportering vil gå føre seg i prosjektet, ikkje i søknaden.
Viktig å hugse på for å få skattefrådrag:
Føre prosjektrekneskap
For å få skattefrådrag gjennom SkatteFUNN, må bedrifta føre rekneskap jamleg og rapportere viktige endringar i prosjektet. Prosjektbudsjettetta må vere skilt frå andre delar av driftsbudsjettet til bedrifta.
Rapportere til Forskingsrådet
Godkjende prosjekt skal sende inn års- eller sluttrapport innan 27. mars 2025.
Melde inn endringar
Det er viktig at vi til kvar tid har oppdatert og korrekt informasjon om prosjektet.
Hvordan finne og rapportere gammelt prosjekt i ny løsning?
SkatteFUNN-prosjektene fra Mitt nettsted er nå flyttet til vår nye løsning, Min side. Alle med en rolle i prosjektene har fått e-post om at flyttingen er fullført, og at dere nå kan rapportere. Personen med «søker-rollen» har fått en e-post med instrukser om hvordan finne prosjektet og rapportere i ny løsning.
Klage på avslag
Du kan klage på vedtaket. Det finst ei eiga ordning for å klage på Skattefunn-vedtak som skil seg frå dei andre ordningane våre. Fristen for å sende inn klage er innan tre veker frå du får avslagsbrevet, med mindre det er spesifisert ein annan frist.
Utbetaling gjennom skatteoppgjeret
Utbetalinga kjem gjennom skatteoppgjeret, anten som ein reduksjon i skatt eller som ei utbetaling for bedrifter som ikkje er i skatteposisjon. De må sjølv krevje frådrag for FoU-kostnadene via skattemeldinga via eit eige temakort som heter «Skattefradrag for forskning og utvikling". Sjå Skatteetatens rettleiing for kva du må gjere for å få skattefrådrag.
Prosjektrekneskapen må godkjennast av ein statsautorisert eller registrert revisor. Kravet om revisorattestasjon gjeld uavhengig av om bedrifta er revisjonspliktig eller ikkje. Sjå Skatteetatens nettside for meir informasjon.
Det faktiske skattefrådraget kan bli lågare eller høgare enn det det er budsjettert med i søknaden. Dette er fordi skattefrådraget blir berekna ut frå faktiske kostnader, ikkje frå budsjett.