Spør KI-samtaleroboten vår

Innmelding av timesatsar fra instituttsektoren

I alle FoU-prosjekt med tilskot frå Forskingsrådet kan forskingsinstitutta budsjettere med timesatsar dei sjølv har berekna og fastlagt, basert på faktiske kostnader og effektiv drift. Timesatsane skal meldast inn til Forskingsrådet kvart år.

Det er følgjande to grupper av institusjonar på Forskingsrådets liste over godkjende forskingsorganisasjonar som vi kvart år ber om å melde inn timesatsane sine:

  1. Organisasjonar omfatta av regjeringas Strategi for helhetlig instituttpolitikk, inkludert organisasjonar omfatta av Retningslinjer for statlig grunnbevilgning av forskningsinstitutter og forskningskonsern
  2. Andre einingar i offentleg sektor som er pålagd å utføre forsking og andre godkjende forskingsorganisasjonar. 

Legg merke til at organisasjonar omfatta av retningslinjene for statleg grunnløyving skal melder inn timesatsar. Resten av organisasjonane kan velje å melde inn timesatsar føresette at dei oppfyller krava i retningslinjene (sjå nedanfor).

Timesatsane skal nyttast i FoU-prosjekt med tilskot frå Forskingsrådet, uavhengig om instituttet leier prosjektet eller inngår som samarbeidspartnar i eit faktisk samarbeid med prosjektansvarleg søkjar. Timesatsane skal også brukast i prosjekt finansierte gjennom grunnløyving frå Forskingsrådet eller andre offentlege etatar.

Slik melder du inn timesatsar til Forskingsrådet

Dei forskingsorganisasjonane som årleg blir inviterte til å melde inn timesatsar blir kontakta av Forskingsrådet i rimeleg tid før tidsfristen for innmelding.

Rundsumssats for institutt som vel å ikkje melde inn timesatser

Forskingsorganisasjonar som ikkje ønskjer å melde inn timesatsar eller ikkje oppfyller krava, skal nytte rundsumssatsen for personalkostander, som også blir nytta i UH-sektoren.

Retningslinjer for berekning og innmelding av timesatsar 2025 (pdf)

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. januar 2025, kl. 13.32 CET

Viktig informasjon

Til utlysingane med søknadsfrist 15. januar kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 13. januar og tysdag 14. januar kl. 08.00–15.45 og onsdag 15. januar kl. 08.00–13.00.