Spør KI-samtaleroboten vår

Evaluering av medisin og helsefag (EVALMEDHELSE)

8. april 2025 vart den nasjonale rapporten frå fagevalueringa av medisin og helsefag lansert. Evalueringsarbeidet tok til i 2023. Hovudmålet med fagevalueringa var å vurdere kvaliteten på norsk medisin- og helsefagleg forsking, rammevilkåra for forskinga og kor relevant forskinga på dette er for sentrale samfunnsområde.

Fagevalueringa er gjort på tre nivå.

  • Først vart 317 forskargrupper evaluerte i 18 internasjonale ekspertpanel inndelte etter fag/disiplin og på tvers av sektorar (mars–mai 2024).
  • Deretter vart dei administrative einingane i forskargruppene (68 innmelde einingar), som er hovudevalueringsobjektet i EVALMEDHELSE, evaluert i åtte sektorspesifikke evalueringskomitear (april–desember 2024). 
  • Leiarane for dei åtte evalueringskomiteane danna til slutt ein nasjonal komité som utarbeidde den nasjonale EVALMEDHELSE-rapporten (desember 2024-februar 2025).

Evalueringskomiteane sitt arbeid

Dei åtte evalueringskomiteane har bestått av til saman 53 internasjonale ekspertar frå åtte land, 28 menn (53 %) og 25 kvinner (47 %). Ei oversikt over dei 68 administrative einingane fordelt på dei åtte evalueringskomiteane finn du her. Alle ekspertane har brei vitskapleg kompetanse, både fagkompetanse og andre kvalifikasjonar, slik som erfaring med leiing, strategi- og evalueringsarbeid og kunnskapsutveksling. Leiarane av dei tre evalueringskomiteane har utarbeidd ein nasjonal rapport for medisin og helsefagleg forsking som vart presentert på lanseringsseminaret (arbeidsperiode desember 2024–februar 2025). 

Her finn du ei oversikt over medlemane i dei åtte evalueringskomiteane.  

Det er Technopolis Group i 2022 som har vore evalueringssekretær for ekspertpanel, evalueringskomitear og nasjonal komité og derved stått for sjølve gjennomføring av evalueringsprosessen.

Kvar administrativ eining er sjølv ansvarleg for no å følgje opp tilrådingane som gjeld eiga eining.

Vegen vidare

Vi skal bruke tilrådingane i evalueringa både når vi utviklar verkemidla våre for finansiering og i rådgivinga overfor departementa. Vi kjem tilbake med meir informasjon om oppfølgingsarbeidet med evalueringa etter kvart. 

Vi i Forskingsrådet takkar alle som har delteke i EVALMEDHELSE 2023–2024. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. april 2025, kl. 19.18 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.