Norsk by blir pilot for FNs smarte byar
Ålesund er pilot for FN i arbeidet med å utvikle smarte byar. Eit norskutvikla, digitalt verktøy skal bidra til å utvikle betre løysingar for innbyggjarane i byen. Det er Offshore Simulator Centre AS og kompetansemiljøa deira innanfor visualisering og simulering ved Campus Ålesund som har sett Sunnmøres hovudstad på kartet, som Noregs prototype for digital tvilling.
Offshore Simulator Centre AS (OSC) fekk for eit år sidan oppdraget med å sjå på utradisjonelle metodar og materialvalg for "nye" Ålesund. Arbeidet dei har lagt ned for Ålesund fylkeskommune i prosjektet AugmentCity, har blitt lagt merke til, noko som førte til at FN nyleg valde simulatorsenteret i Ålesund som det globale verktøyet sitt for å utvikle smarte byar.
Smarte og berekraftige løysingar
Ålesund har lagra mykje data ettersom dei brukar nøkkelindikatorar (key performance indicators, forkortast KPI-ar) for å måle forbruka og tenestene i kommunen innanfor økonomi, kultur osb. OSC har laga ein digital tvilling, ein tredimensjonal kopi av verkelegheita, basert på ulike data. I AugmentCity simulerer ein eksempelvis trafikkavvikling, vassforsyning og straumbruk, og dermed kan ulike bruksmønster visualiserast. Mellom anna er arbeidstilhøvet til brannvesenet i Ålesund visualisert, det same er bevegelsesmønstera til cruisepassasjerane etter at dei har gått i land.
Brannvesenet har krav om ti minutts utrykningstid, noko som fungerer bra, sett bort frå i rushtida. For ein eldreheim kan ein brann få fatale følgjer dersom plasseringa gjer at brannbilane må stampe i kø. Konsekvensane for ein skole vil derimot ikkje vere like store, ettersom elevane ikkje er der i rushtida. Digitaliseringa av datamengdene og visualiseringa i den digitale tvillingen, gjer det mogleg å sjå samanhengane raskt, slik at ein kan skape smarte og berekraftige løysingar.
“Omstillingsmidlar frå Forskingsrådet har vore eit viktig bidrag til fundamentet som gjorde det mogleg å lage Smart City-prosjektet.
Bjørn Aase Dimmen, prosjektleiar i OSC
Overføring av kompetanse mellom næringar
Offshore Simulator Centre AS (OSC) har i mange år jobba med teknologi for bygg- og maritim industri, mellom dei digitale tvillingar i offshore-virksomhet. Det er kompetansen frå desse næringane dei no har overført vidare, rett og slett ved å bringe teknikken og erfaringane med seg på land.
– Vi kjem frå ei maritim verd der virtuell prototyping har blitt eit viktig verktøy for å kunne planleggje og gjennomføre kompliserte operasjonar med mindre risiko og meir effektivitet. Dette verktøyet har så vore utgangspunktet for AugmentCity, seier prosjektleiar Bjørn Aase Dimmen i OSC.
Møteplass for næringsliv og kommune
Augment City AS, eit nyoppretta dotterselskap av Offshore Simulator Centre AS, skal saman med nye Ålesund kommune utvikle eit verktøy for FN slik at politikarar, næringsliv og innbyggjarar betre skal forstå konsekvensane av avgjerdene sine og vere i stand til å ta gode val.
Ålesund får no "FN Smart Sustainable City Lab", verdas andre og Nord-Europas første laboratorium for smarte byar. Lab-en skal bli ein møteplass der næringslivet og kommunen jobbar saman og bruker forsking og utvikling for å finne løysingar innbyggjarane vil ha.
Ein smartby-lab skal utvikle og setje i gang prosjekt innanfor utdanning, helse, infrastruktur, mobilitet og energi, i tillegg til å støtte og få fart på nye berekraftsprosjekt. Det skal vere ein arena for å kopla menneske, idear og initiativ saman, i tillegg til å dele løysingar og produkt digitalt med byar over heile verda.
Forskingsprosjekt viktige
– Forskingsprosjektet vi har drive, inkludert midlane frå Skattefunn, betyr mykje for den vidare utviklinga og konkurransekrafta for OSC. Omstillingsmidlar frå Forskingsrådet har vore eit viktig bidrag til fundamentet som gjorde det mogleg å lage Smart City-prosjektet, fortel Bjørn Aase Dimmen, og legg til at han håper det blir mogleg å finansiere fleire prosjekt gjennom Forskingsrådet i framtida.
Verktøyet og arbeidet for nye Ålesund vart presentert på Forskingsrådets Horisont-konferanse "Forskning som redder verden" i mars 2019. Bjørn Aase Dimmens presentasjon om "Augment City" (8 minutt) kan du sjå her:
OSC har laga ein filmsnutt som viser Ålesund som smart by, sett gjennom auga til eit barn:
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 12.33 CET