Framtidas kyllingfôr er insekt og kortreiste råvarer
Norsk Kylling har halvert soyainnhaldet i fôret frå 19–10 prosent på fem år ved å erstatte soya med raps og solsikke. I tida framover testar dei både mjølbiller og fluger i fôret. Resultata kan gi både sunnare kyllingar og lågare klimagassutslepp.
I ei verd med befolkningsvekst og klimautfordringar, er det viktig å produsere mat på ein ansvarleg og berekraftig måte. Våren 2022 lanserte regjeringa eit nytt samfunnsoppdrag med mål om at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal komme frå berekraftige kjelder innan 2034 og slik bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema.
Norsk Kylling tek samfunnsoppdraget på alvor og jobbar heile tida med å forbetre både dyrevelferd og -fôr. To forskingsprosjekt, "Bærekraftig fôr til Hubbard" og "BWell – vurdering av dyrevelferd hos en medium saktevoksende slaktekyllinghybrid", er viktige i dette arbeidet. Prosjekta har fått støtte frå Forskingsrådet gjennom SkatteFUNN og Nærings ph.d.-ordninga.
Soya ut, insekt inn?
Forskingsprosjektet "Bærekraftig fôr til Hubbard" har som mål å finne soyafritt fôr til den sakteveksande kyllingrasen Hubbard. Soya er rik på protein, men har nokre ulemper. Produksjonen av soya krev store landområde og produktet blir frakta over lange avstandar. I Brasil har dette ført til at regnskogen må vike for soyaplantasjar. I tillegg er soya ei verdifull matkjelde for menneske som kan bidra til å erstatte animalske protein i kosthaldet vårt.
– Fôrproduksjonen står for ein stor del av klimaavtrykket til kyllingproduksjon, faktisk opp mot 70 prosent. For å redusere dette, må vi finne alternative proteinkjelder som kan produserast på ein meir berekraftig måte, seier Gisle Bakken frå Norsk Kylling. Han er prosjektleiar for "Bærekraftig fôr til Hubbard".
Bakken og teamet hans testar nye råvarer i eit eige forsøksfjøs. Her samanliknar dei ulike fôrblandingar under like forhold for å sjå korleis dei påverkar veksten og helsa til kyllingane.
– Vi har klart å redusere soyainnhaldet i fôret frå 19 prosent i 2020 til under 10 prosent i dag. Det har vi oppnådd ved å erstatte soya med råvarer som raps og so
lsikke, fortel Bakken. Framover ser dei også på moglegheitene for å bruke insekt i fôret.
– Insekt som mjølbiller og svart soldatfluge er rike på protein og kan vere eit berekraftig alternativ til soya. Vi har testa mjølbiller og det ser ut til å fungere bra. Mjølbiller inneheld mykje protein og blir omdanna til mjøl og olje som kan brukast i fôret, seier Bakken.
Målet er å redusere utsleppa frå fôrproduksjonen med 50 prosent innan 2030. Prosjektet fører også til auka kunnskap om korleis vi kan produsere meir av fôret i Noreg og dermed også til korleis vi kan auke sjølvforsyningsgrada vår.
Betre dyrevelferd med sakteveksande kylling
I BWell-prosjektet har forskarane samanlikna helse og velferd hos to kyllingtypar med ulik vekstfart, Hubbard og Ross. Forskinga viser at Hubbardkylling som veks saktare enn konvensjonelle hurtigveksande kyllingar, har betre helse. Dette gir mindre svinn og betre dyrevelferd, utan at det går på kostnad av kjøttkvaliteten.
– Vi har sett at Hubbard-kyllingene har lågare førekomst av sjukdommar og lidingar og er meir robuste mot ytre faktorar som temperatursvingingar. Dei toler til dømes kulde betre enn hurtigveksande kyllingar, fortel Merete Forseth, fagsjef for dyrevelferd i Norsk Kylling.
Kyllingar som veks saktare, slik som Hubbard-kyllingane, blir meir robuste. Dermed er det færre kyllingar som døyr av sjukdom og det blir mindre svinn i produksjonen. Når kyllingar døyr før dei når slaktevekta, er det eit tap av både fôr og energi. I tillegg blir svinnet redusert på slakteriet, ettersom færre kyllingar må kasserast på grunn av sjukdom eller skader. – Resultata frå prosjektet har også vorte brukte i arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding. Dette viser at forskinga vår vil få mykje å seie for korleis vi produserer kylling i Noreg, seier Forseth.
Innovasjon for meir berekraftig dyrefôr
Begge prosjekta bidreg til ein meir berekraftig kyllingproduksjon. Resultata viser at det er mogleg å produsere sunn og god mat med omtanke for både dyr og miljø. Forseth har teke ein nærings-ph.d.-grad gjennom Bwell-prosjektet, der Norsk Kylling bidrog med store mengder data. Forseth har etter enda studium fått høve til å ta med kunnskapein sin tilbake til næringa.
Bakken på si side understrekar kor viktig det er med innovasjon for å nå måla for ein meir berekraftig kyllingproduksjon.
– Vi er avhengige av samarbeid og støtte frå Forskingsrådet for å kunne innovere og nå dei måla vi har sett oss, seier Bakken.
Han påpeikar at det er gjennom forsking og utvikling av ny teknologi at dei kan finne løysingar på dei utfordringane næringa står overfor.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. januar 2025, kl. 23.14 CET