No blir elbil-lading enklare enn nokosinne
Med støtte frå Forskingsrådet har Fount utvikla ei ny ladeløysing som utnyttar eksisterande ladeinfrastruktur betre. Dette vil forenkle kvardagen for elbilsjåførar og bidra til grønare transport.
Fount leverer framtidas ladeløysing for elbilflåtar, ei løysing som ikkje berre forenklar lading, men som også bidreg til grønare transport og smartare ressursbruk. Med støtte frå Forskingsrådet og Pilot-T-ordninga har selskapet utvikla ei plattform-agnostisk programvare (maskinlæring) som gjer eksisterande ladeinfrastruktur meir tilgjengeleg.
Bedrifter får no eit kraftig verktøy som kan hjelpe dei å optimalisere drifta av elbilflåtane sine – spesielt innanfor service og “last-mile-delivery" (den siste etappen i ei vare si reise frå seljar til kunde).
Forsking som grunnlag for innovasjon
Prosjektet, som blir kalla «Spot-on», har vore kjempeviktig for Founts suksess. Plattforma samlar ladesystem og gir elbilistar og flåteoperatørar ei saumlaus ladeoppleving.
– Spot-on-prosjektet var heilt avgjerande for at vi fekk dette til. Gjennom forskinga og samarbeidet med sterke partnarar fekk vi innsikt i både marknaden og brukaranes behov, seier Wenche Teigland, administrerande direktør i Fount.
Med partnarar som ITS Noreg, Knowit, Bouvet og Transportøkonomisk institutt har Fount utvikla ei løysing som både møter utfordringane i ladeinfrastrukturen og samtidig set brukaren i sentrum.
Smartare lading
Founts plattform set ein ny standard for ladeinfrastrukturen. Mange ladestasjonar står ubrukt store delar av dagen, noko som gir tap både for bedriftene og for samfunnsøkonomien. Plattforma opnar desse stasjonane for offentleg bruk, noko som gir auka samfunnsnytte, høgare inntening for ladeoperatørar og mindre press på straumnettet og på utbygginga av ny infrastruktur.
– Løysinga vår sikrar at kvar investert krone i ladeinfrastruktur gir meir tilbake, både for operatørar og samfunnet, seier Teigland.
Ei løysing for framtidas transport
Fount har retta løysinga si mot elbilflåtar i servicebransjen og last-mile-delivery – to segment som står framfor enorm vekst. Founts plattform gir både ladeeigarar og flåteoperatørar ei rekkje fordeler.
Ladeeigarane kan enkelt tilby ladeløysingar til flåteoperatørar, medan flåteoperatørar får verktøya dei treng for å planleggje og optimalisere sjølve ladinga.
Resultatet er reduserte driftskostnader og i tillegg blir køyretøya meir tilgjengelege.
– Løysinga vår gjer ladinga saumlaus, aukar produktiviteten og reduserer både kostnader og utslepp. For elektriske køyretøyflåtar kan dette vere ein reell konkurransefordel, seier Teigland.
Internasjonal anerkjenning
I tillegg til den solide posisjonen i den norske marknaden, har Spot-on også opna dører internasjonalt.
Det er mellom anna produsert to forskingsartiklar som har fått god merksemd i utlandet. Artiklane, som handlar om brukaropplevingar og økosystemet rundt lading av elbilar, er publiserte i anerkjende internasjonale tidsskrift. Dei blir no flittig brukte av forskarar og industriaktørar verda over.
Dette har gitt Fount auka legitimitet og truverd i møtet med internasjonale kundar og investorar.
– Den internasjonale anerkjenninga er heilt avgjerande for den vidare veksten vår. Den byggjer tillit hos både kundar og investorar, avsluttar Teigland.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. desember 2024, kl. 20.43 CET