Nye perspektiv på høgkonflikt-skilsmisser

Fleire skilsmisser endar med konflikt om bustad og samvær. Korleis kan det offentlege hjelpeapparatet forstå og hjelpe desse para betre, spør psykolog Bård Bertelsen ved Familievernkontoret i Agder i doktoravhandlinga si.

To barn på huske
Bård Bertelsen har forska på korleis offentlege hjelpeapparat betre kan forstå og hjelpe para som endar i høgkonflikt-skilsmisser.

Talet på skilsmisser med høgt konfliktnivå har auka i dei fleste vestlege land dei siste tiåra. Para det gjeld ender ofte i rettssalen med spørsmål om fast bustad og samvær, og velværet til barna og den mentale helsa deira kan bli kraftig påverka. 

Bård Bertelsen
Bård Bertelsen har skrive avhandlinga om høgkonflikt-skilsmisser som eit offentlig-sektor-ph.d.-prosjekt.

Korleis kan vi betre forstå korleis slike konfliktar blir opplevde frå foreldra si side? Og kan det hende at det offentlege hjelpeapparatet i nokon tilfelle bidreg til å gjere situasjonen meir betent? Det er nokre av spørsmåla psykologspesialist Bård Bertelsen ved Familievernkontoret i Arendal har undersøkt i ei ny doktoravhandling. I stillinga ved familievernkontoret jobbar han til dagleg nettopp med å mekle mellom par som i ulik grad slit med å få på plass eit fungerande samarbeid etter eit samlivsbrot. 

– Høgkonflikt-skilsmisser blir nokre gonger forklarte frå offentleg hald nærast som ein mangeltilstand hos foreldra, som om dei sjølv ikkje forstår kva skade konflikten kan gjere. Eg ønskte å utvide perspektiva på korleis slike situasjonar oppstår, og korleis dei som faktisk står i konflikten opplever han, seier Bård.  

Arbeidsgivaren fekk meir enn dei håpa på 

Avhandlinga til Bertelsen er skriven som eit offentleg sektor-ph.d.-prosjekt. Dette er ei ordning der Forskingsrådet finansierer offentleg tilsette som tek doktorgrad om eit tema som er relevant for ansvarsområdet til arbeidsgivaren. Formålet er å byggje kunnskap og kompetanse som kan takast i bruk av den tilsette og andre på same fagfelt.  

Ella Kopperud
Ella Kopperud var Bård sin leiar då prosjektet starta, og synast dem fekk mykje ut av det.

Under arbeidet med doktorgrada, hadde Bård 75 prosent permisjon i fire år. Løysinga kravde fleksibilitet og litt ekstra arbeid frå arbeidsgivar, fortel Ella Kopperud, som var Bårds leiar då prosjektet starta. Ho understrekar likevel at dei òg har fått mykje tilbake: 

– Vi har fått langt meir ut av dette enn vi våga å håpe på. Denne typen forsking som ser på oss frå perspektivet til familiane, er noko vi som fagmiljø treng, meiner ho.  

Fleire enn Bårds næraste kollegaer er einige. Han har allereie vorte invitert til å presentere arbeidet sitt for familievernkontor i andre delar av landet, og også for andre aktørar på feltet, som barnevernet.  

Nyttig å sjå fagfeltet sitt med forskarblikk 

I arbeidet med doktoravhandlinga observerte Bård ei terapigruppe i programmet "Barn ut av familiekonflikten", der ti foreldre og ti barn deltok. I tillegg djupneintervjua han tjue foreldre og tolv terapeutar som deltok i slike terapigrupper, i tillegg til saksbehandlarar i barnevernet og tingrettsdommarar. 

– Det var utruleg nyttig og lærerikt å sjå mitt eige fagfelt utanfrå med eit forskarblikk, fortel Bård.  

Målet hans med prosjektet var ikkje å finne felles kjenneteikn ved para som hamna i konflikt, men snarare å studere korleis slike situasjonar utviklar seg i samspel mellom para og hjelpeapparatet. Eit viktig tema som han utforska i avhandlinga er at systemet i stor grad er laga for å handtere juridiske spørsmål innanfor eit rammeverk som handlar om konflikt. Det gir ikkje alltid rom for dei samansette kjenslene og bekymringane foreldra har for barna.  

– Som ordtaket seier: Om alt du har er ein hammar, ser alle ting ut som ein spikar. Ei mor eller ein far kan ikkje gå til retten og seie at dei til dømes er bekymra for om eks-partnaren er glad nok i barna sine. Dermed blir ulike typar tankar og bekymringar forma inn i eit juridisk rammeverk, utdjupar Bård. 

Han påpeikar at premissen for å komme i mekling, er at det er sannsynleg at saka elles vil ende med ei rettssak. Det kan i seg sjølv bli ein invitasjon til konflikt. Viss usemja når eit punkt der foreldra kommuniserer mest gjennom advokatar, påverkar det òg dialogen mellom dei. 

Praksisnær og brukande forsking 

Fleire av intervjua han gjorde med foreldra vart gjorde heime hos dei, noko som ofte skapte ei anna stemning enn å møte dei i meir formelle omgivnader på familievernkontoret.  

– Det kan vere lærerikt å møte partane utanfor denne konfliktramma. Heime er dei jo ofte hyggjelege folk med vanlege liv, dei serverer deg god kaffi og har ein hund dei har overteke frå naboen, fortel Bård.  

Noko av det han håpar at forskinga hans kan bidra til, er litt meir nøling hos meklarane: Kan det å møte para med ein annan type spørsmål gi dei meir rom til å diskutere usemja sine utanfor ramma av ein juridisk konflikt? Kan meklarane gjere meir for å få fram kva bekymringar som ligg bak konfliktmønsteret?  

Desse opne spørsmåla treffer tankar og erfaringar som allereie har kverna hos kollegaer og samarbeidande aktørar som barnevernet, opplever både Bård og leiaren hans. Diskusjonane han har med desse andre aktørane gjer doktorgrada til ein pågåande dialog som held fram etter at prosjektet formelt sett er ferdig.  

– Dette er eit godt døme på det fine med offentleg sektor-ph.d.: Forskinga er  praksisnær og brukande, og eg kjenner ei forplikting til å ta kunnskapen og perspektiva eg har fått tilbake til fagfellesskapet, seier Bård.   

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. juni 2024, kl. 17.28 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.