Spør KI-samtaleroboten vår

Frå idé til prosjekt i offentleg sektor

Har de ein prosjektidé og lurer på om Forskingsrådet er noko for dykk? Vi har verktøya, kompetansen, finansieringa og nettverka du treng for å komme i gang.

Prosjektkanvas

Dette er eit verktøy som kan bidra med å finne styrkar og svakheiter med ideen deira og gi ei oversikt over prosjektet før eventuelle fagrådgivarar blir kontakta. 

Rådgivarar over heile landet

Forskingsrådets regionsansvarlege bur og jobbar i regionane. Dei kjenner Forskingsrådets moglegheiter og fagpersonar godt, og har kjennskap til og dialog med næringslivsaktørar, forskingsmiljø, offentleg sektor og verkemiddelaktørane i regionen.

Kontakt ein regionansvarleg.

EU og Horisont Europa

Har du spørsmål om utlysingar frå EU og Horisont Europa?

Forskingsrådets nasjonale kontaktpunkt for EU kan svare på spørsmål og diskutere moglegheiter i europeiske utlysingar. Sjå kven som er nasjonale kontaktpunkt for dei ulike fagområda. Du kan også kontakte EU-nettverka Forskingsrådet støttar og som skal mobilisere til Horisont Europa.

Kontakt Forskingsrådets eigne fagrådgivarar for EU-midlar.

Samarbeid utanfor Europa?

Forskingsrådet har eigne land- og regionskontaktar som kan svare på spørsmål og diskutere moglegheitene for forskings- og innovasjonssamarbeid i land utanfor Europa. Sjå: Samarbeid utanfor EU/EØS.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. desember 2024, kl. 01.46 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.