Ny teknologi kan halvere CO2-utslepp i oljesektoren

På sikt kan den banebrytande teknologien til EMPIG spare oljebransjen for enorme mengder energi, materiale og CO2-utslepp. Støtten dei fekk frå Forskingsrådet har ført til stor merksemd i oljebransjen og hos nye partnarar.

Arbeider med hjelm jobber på en liten gul plattform i vannet med en robåt ved siden av
Med støtte frå Forskingsrådet har EMPIG utvikla ein såkalla coldflow-teknologi der dei dannar og fjernar avleiringar gjennom kontrollert nedkjøling av olja. - Det var heilt avgjerande at vi fekk byggje utstyret, teste det under vatn og vise at det faktisk fungerer. Folk måtte sjå løysinga for å tru på ho, seier dagleg leiar. Foto: EMPIG

– "Seeing is believing". Det var heilt avgjerande at vi fekk byggje utstyret, teste det under vatn og vise at det faktisk fungerer. Folk måtte sjå løysinga for å tru på ho. Vi hadde ikkje vore der vi er i dag utan støtta frå Forskingsrådet, både med tanke på utvikling av teknologien og testinga, seier Lars Strømmegjerde, dagleg leiar i EMPIG.

Avleiringer i røyra er eit av dei største problema for oljebransjen. I dag blir det løyst ved å bruke varme på røyra for å frakte olja. Det betyr at eit titals kilometer med røyr på havbotnen blir varma opp med elektrisitet, noko som igjen resulterer i store kostnader og utslepp forbunde med både produksjon og drift. Utslepp vi no kan kutte.

20-40 prosent mindre CO2-utslepp

Med støtte frå Forskingsrådet har EMPIG utvikla ein såkalla coldflow-teknologi der dei dannar og fjernar avleiringar gjennom kontrollert nedkjøling av olja. Olja blir altså kjølt ned med éin gang han forlèt brønnhovudet, slik at det blir danna avleiringer på innsida av røyra i ein dedikert kjølesone. Deretter jobbar ein ekstern robot med å fjerne avleiringane med induksjonsvarme, og faststoffet blir vidare send saman med olja. Sidan olja ikkje må haldast varm, blir det spart enorme mengder energi, materiale og pengar.

– Løysinga tar oss rett inn i klima- og miljødebatten, og vi får stor respons hos operatørane når vi presenterer potensialet på CO2-reduksjon. Ved eit konkret felt i Barentshavet kan vi redusere CO2-utslepp med 20-40 prosent samanlikna med røyr som blir oppvarma, seier Lars.

Fått støtte i to rundar

Forsking kostar tid og pengar, så EMPIG var avhengig av støtte. Gode idear og ein god søknad blir lønt, og dermed fekk dei innvilga to søknader hos Forskingsrådet. I 2017 valde dei først å søkje støtte til eit innovasjonsprosjekt. Søknaden vart innvilga, dei fekk gjennomført prosjektet og den velrennomerte støtta hjelpte dei å finne industripartnarar. Tre år seinare søkte dei om støtte til demonstrasjonsprosjekt for å teste teknologien under vatn.

– Den dagen vi fekk innvilga innovasjonsprosjektet, var dagen då selskapet gjekk frå å vere eit hobbyprosjekt til å bli eit selskap og ein arbeidsplass med heiltidstilsette. I den neste runden viste vi, gjennom demonstrasjonsprosjektet, at systemet vårt fungerer.

Forskingsrådet har investert til saman 21,4 millionar kroner i dei to prosjekta.

Nye partnarar, fleire prosjekt og litt medieblest

Sjølv om forskarar ved Sintef har jobba med coldflow-konseptet i 30 år, er EMPIGs teknologi heilt ny. Difor var det heilt avgjerande for dei å teste teknologien, og at det faktisk fungerer. Gjennom innovasjonsprosjektet vart det bygd ein flow-loop saman med Sintef på Tiller i Trondheim. Der vart kjerneteknologien kvalifisert til TRL 4. Gjennom demonstrasjonsprosjektet jobbar EMPIG no med å kvalifisere cold-flow på systemnivå til TRL 4. Det inneber mellom anna å teste den mekaniske løysinga under vatn.

– Responsen etter demonstrasjonsprosjektet har vore betydeleg. No som vi kunne demonstrere at vi har utvikla ein driftssikker og stabil løysing som fungerer under vatn, har vi fått ein heilt anna merksemd enn tidlegare.

Dei gode resultata har ført til nye partnarar, mellom anna TotalEnergies, ein stor og internasjonal operatør. Det har òg dukka opp fleire relevante feltkandidatar der EMPIG jobbar med tekno-økonomiske studiar som viser stort potensiale for kostnadsinnsparingar, og dei har fått mediedekning i mellom anna Finansavisen.

– Som oppstartsbedrift var vi avhengig av å bevise at ideen vår verka slik vi tenkte. Bransjen måtte rett og slett sjå det for å tru det, seier Lars.

EMPIGs tips til deg som ønskjer å søke om støtte frå Forskingsrådet:

  • Start prosessen tidleg. Så tidleg som mogleg!
  • Lag ein skisse med enkle idear for prosjektet.
  • Be om eit møte med ein rådgivar i Forskingsrådet, dei vil hjelpe deg med å avgjere kva søknadstype og kva utlysing som kan vere riktig for deg.
  • Ha ein god dialog med rådgivaren gjennom heile søknadsprosessen.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. juni 2024, kl. 17.29 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.