Rapportering for SkatteFUNN-prosjekt
Alle prosjekt med SkatteFUNN-godkjenning skal sende inn statusrapport eller sluttrapport innan 1. mars.
Statusrapport
Dersom prosjektet går over fleire år, må du levere statusrapport for prosjektet innan 1. mars året etter at prosjektet vart godkjent, og kvart år etter det.
Rapporten finn du på innlogga område. Vi sender deg ei påminning på e-post før statusrapporten skal inn.
Sluttrapport
Alle prosjekt skal sende inn ein sluttrapport når godkjenningsperioden i SkatteFUNN er over, og seinast innan 1. mars året etter siste godkjenningsår. Du finn sluttrapporten på innlogga område. I sluttrapporten skal du samanfatte kva aktivitetar de har gjennomført, kva mål de har nådd og kva som eventuelt står att i prosjektet. Hugs også å sende sluttrapport dersom prosjektet blir avbrote før godkjenningsperioden er over.
Det er ikkje krav om revisorattestasjon på tala som blir leverte til Forskingsrådet. Bruk dei tala som er tilgjengelege på rapporteringstidspunktet.
Beskrivingane av prosjektet i sluttrapporten blir ikkje offentleggjort. Dersom beskrivingane inneheld forretningsløyndommar, vil dei vere omfatta av teieplikt ved eventuelle innsynskrav, jf. offentleglovas § 13 og forvaltningslovas § 13.
Det er prosjektleiaren som har tilgang til å sende inn statusrapport og sluttrapport.
Vi minner om at Forskingsrådet ikkje godkjenner budsjett eller kostnader for SkatteFUNN-prosjekt. Økonomirapporteringa til Forskingsrådet bidreg til oppfølginga vår av prosjektgjennomføringa og til statistikk.
I og med at det ikkje er vi som godkjenner rekneskapstal, så er det ikkje krav om revisorattestasjon på tala de leverer her. Bruk dei tala som er tilgjengelege på rapporteringstidspunktet.
Vi minner om at det er støttegodkjende kostnader knytte til det godkjende prosjektinnhaldet som kan inngå i prosjektrekneskapen, uavhengig av kva de budsjetterte med i søknaden.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 14. januar 2025, kl. 13.55 CET
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 15. januar kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 13. januar og tysdag 14. januar kl. 08.00–15.45 og onsdag 15. januar kl. 08.00–13.00.