Spør KI-samtaleroboten vår

Endringar undervegs for SkatteFUNN-prosjekt

Det er viktig at Forskingsrådets informasjon om prosjektet er oppdatert og rett, både når det gjeld prosjektinnhald og adminstrative detaljar. Sjekk her om du har alt i orden.

Gå rett til informasjon om

Endring i hovudmålet eller innhaldet i prosjektet

Dersom det er endringar i prosjektet ditt som påverkar hovudmålet/delmåla eller innhaldet i prosjektet, må du ta kontakt med saksbehandlar. Dette skal i tillegg meldast inn via statusrapport og sluttrapport. 

Endring av organisasjonsnummer eller overføring av prosjektet til ny bedrift

Godkjenninga av eit FoU-prosjekt gjennom SkatteFUNN er knytt til organisasjonsnummeret som vart oppgitt då søknaden vart sendt inn. Dersom godkjenninga er knytt til feil organisasjonsnummer, vil ikkje Skatteetaten kunne innfri kravet om frådrag for utgiftene i FoU-prosjektet.

Dersom organisasjonsnummeret ikkje er riktig lenger, må du

  1. avbryte prosjektet på innlogget område
  2. sende inn sluttrapport
  3. sende inn ny søknad

Dersom prosjektet skal overførast til nytt firma, må du sende inn ein ny søknad med oppdatert organisasjonsnummer. Den nye søknaden skal berre handle om det som gjenstår av prosjektet og ikkje det du allereie har fått skattefrådrag for. Søknaden må sendast inn same år som endringa skjer og i god tid før nyttår.

Den nye søknaden blir ikkje behandla før sluttrapporten for det opphavlege prosjektet er innsend.

Forlenge prosjektet? Nei, du må søkje på nytt

Dersom det står att FoU-aktivitetar i prosjektet etter at godkjenningsperioden er over, sender du inn sluttrapport som planlagt. Etterpå kan du sende inn ein ny søknad der du beskriv kva aktivitetar som står att i FoU-prosjektet.

Den nye søknaden vil få ei sjølvstendig vurdering og bli behandla på vanleg måte. Forskingsrådet vil ikkje automatisk gi ei ny godkjenning av prosjektet.

Til dømes: Dersom prosjektet er godkjent for 2023 og 2024, må de søkje på nytt for dei FoU-aktivitetane som står att etter at sluttrapporten er sendt inn i 2025. Legg merke til at søkjarbedrifta ikkje kan vere eit føretak i vanskar på tidspunktet for vedtaket. Den nye søknaden blir ikkje behandla før sluttrapporten for det opphavlege prosjektet er innsend.

Endring av kontaktpersonar og roller på "Mi side"

Informasjonen under gjeld alle godkjende SkatteFUNN-prosjekt. 

Dersom de treng å byte person eller oppdatere kontaktinformasjon på rollane i prosjektet, må personane med rolle som prosjektleiar eller organisasjonsrepresentant på prosjektet endre dette frå Mitt prosjekt, inne på Mi side.

Det er viktig at rett person er lagt til i rollane og at kontaktinformasjonen på rollene i prosjektet er korrekt. Vi sender ut ulike varsel på e-post til dei som står oppførte med rollene prosjektleiar og organisasjonsrepresentant, mellom anna om rapporteringsfristar for prosjektet. 

Viktig med rett informasjon på ny rolle

Når du legg til ein ny person med ei rolle i ein søknad eller i eit prosjekt, er det viktig at e-posten og telefonnummeret du oppgir for rolla, er det same som personen bruker eller vil bruke for å logge inn på Mi side. Systemet sender invitasjon basert på informasjonen du legg inn, og det fungerer berre om systemet finn same kombinasjon av telefon og e-post hos ein brukar. Når personen har akseptert rolleinvitasjonen, blir prosjektet knytt til brukarkontoen til personen, og han eller ho kan fritt endre innloggingsinformasjonen sin utan å miste tilgang til prosjektet.

Ver merksam på at brukarkontoane på Mi side er personlege, og at vi krev verifisering med e-post og SMS for å opprette brukar og logge inn. Personen som skal logge inn, må ha tilgang til både e-posten og telefonnummeret, og telefonen må kunne få SMS med verifiseringskodar.

Les meir om dei ulike rollene i SkatteFUNN-prosjekt.

Endring av kontaktpersonar på "Mitt nettsted" er ikkje lenger mogeleg

Alle SkatteFUNN-prosjekt på Forskingsrådets gamle innlogging, Mitt nettsted, vart flytta til nytt system, Mi side / Min side, i midten av februar 2025. Funksjonen for å oppdatere «søkjar-rolla» på prosjektet i Mitt nettstad, er ikkje lenger tilgjengeleg (stengd frå og med 12. februar 2025).

All ny rapportering og oppdatering av det godkjende prosjektet deira skal frå no av gjennomførast i Mi side / Min side – sjå meir om dette over. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 07.02 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.