Kva skjer når søknaden er godkjend?
Når representanten for bedrifta har sendt inn eigenerklæringar og godteke vilkåra, vil prosjektet bli godkjent og oppretta på Mi side. For å få skattefrådrag via SkatteFUNN, må bedrifta føre rekneskap kontinuerleg og rapportere viktige endringar i prosjektet. Sjå her kva de må hugse på.
Føre prosjektrekneskap
Godkjente prosjekt pliktar å føre løpande prosjektbudsjett, adskilt frå andre delar av driftsbudsjettet til bedrifta.
Korleis rapporterer du til Forskingsrådet
Godkjende prosjekt skal sende inn års- eller sluttrapport innan 13. mars.
Melde inn endringar
Det er viktig at vi til kvar tid har oppdatert og korrekt informasjon om prosjektet.
Hvordan finne gammelt prosjekt og rapportere i ny løsning?
Alle SkatteFUNN-prosjektene som før lå på Mitt nettsted, er nå flyttet til vår nye løsning: Min side. Alle med en rolle i disse prosjektene har fått informasjon på e-post at dette er klart. Personen med «søker-rollen» har mottatt en e-post som forklarer hva dere må gjøre for å finne prosjektet og rapportere i ny løsning.
Klage på avslag
Du kan klage på vedtaket. Det finst ei eiga ordning for å klage på Skattefunn-vedtak som skil seg frå dei andre ordningane våre. Fristen for å sende inn klage er innan tre veker frå du får avslagsbrevet, med mindre det er spesifisert ein annan frist.
Utbetaling gjennom skatteoppgjeret
Utbetalinga kjem gjennom skatteoppgjeret, anten som ein reduksjon i skatt eller som ei utbetaling for bedrifter som ikkje er i skatteposisjon. De må sjølv krevje frådrag for FoU-kostnadene via skattemeldinga via eit eige temakort som heter «Skattefradrag for forskning og utvikling". Sjå Skatteetatens rettleiing for kva du må gjere for å få skattefrådrag.
Prosjektrekneskapen må godkjennast av ein statsautorisert eller registrert revisor. Kravet om revisorattestasjon gjeld uavhengig av om bedrifta er revisjonspliktig eller ikkje. Sjå Skatteetatens nettside for meir informasjon.
Det faktiske skattefrådraget kan bli lågare eller høgare enn det det er budsjettert med i søknaden. Dette er fordi skattefrådraget blir berekna ut frå faktiske kostnader, ikkje frå budsjett.