Jobbe i Forskingsrådet: Vil vere med på å redde verda
Inderjit Singh Marjara kom tilbake til den gamle arbeidsplassen sin. Han vil nemleg gjerne bidra til å påverke framtidas forsking.
Namn: Inderjit Singh Marjara
Stilling: Nasjonal kontaktperson Horisont Europa i avdeling for mat og bioøkonomi
Kvifor valde du å komme tilbake til Forskingsrådet?
– Då eg starta den andre "runden" min i Forskingsrådet, jobba eg først med søknadene til næringslivet til SkatteFUNN-ordninga. Etter to år fekk eg likevel høve til å søkje meg tilbake til den gamle stillinga mi som seniorrådgivar i avdeling for mat og bioøkonomi og som nasjonal kontaktperson for EUs Horisont Europa. Her jobbar eg i eit fagteam med fleire medarbeidarar, noko eg synest er veldig utviklande.
“Eg opplever at vi får påverke framtidas forsking, og samtidig halde oss fagleg oppdatert.
Når vi jobbar med transfaglege, transdisiplinære prosjekt og tilnærmingar blir vi fagleg utfordra, samtidig som det er veldig lærerikt. For å kunne "redde verda" må ein nettopp tenkje på tvers av faga, og det vil eg gjerne vere ein del av.
Kva liker du aller best med jobben din?
– Moglegheita til å jobbe med faget bioteknologi som lenge har vore ein pådrivar for transfagleg og tverrfagleg arbeid, er det eg liker best. Med dette får eg kontinuerleg nye problemstillingar og utfordringar. Og sjølvsagt det kollegiale i Forskingsrådet. Det er eit veldig godt samarbeid mellom kollegaene her. Arbeidsinnsatsen er stor, og det at vi står opp for kvarandre og hjelper kvarandre med å fullføre arbeidsoppgåver, er veldig bra.
Korleis ville du beskrive jobben din til ein som ikkje jobbar i Forskingsrådet?
Ei blanding av nasjonalt og internasjonalt arbeid med mål om å hjelpe norske miljø til å lykkast med forskinga si. Jobben min inneber å halde oversikt over relevante forskingsprogram både i Noreg og internasjonalt og å bidra med innspel til utvikling av desse for å vareta norske miljøs interesser.
Arbeidsoppgåvene dine er?
– Mykje av arbeidet går ut på å vere oppdatert på nasjonale og internasjonale dokument, strategiar og initiativ innanfor forsking. Arbeidet går føre seg mykje i digitale plattformer med mange møte med omverda. Det er eit stort spenn i arbeidsoppgåvene, noko som gjer at det ikkje blir kjedelege rutineprega arbeidsoppgåver og eg blir aldri lei.
Kva har du vorte mest overraska over ved Forskingsrådet etter at du starta?
– Folk er så dedikerte og flinke til å ta fatt på nye utfordringar og nye rutinar. Endringsviljen som dei tilsette visene i Forskingsrådet, han er stor.
Ledige stillinger
Vi søker seniorrådgiver/spesialrådgiver til midlertidig stilling i inntil tre år til JPI Oceans-sekretariatet i Brussel
- Arbeidssted:
- Brussel
- Søknadsfrist:
- Mandag 30. des. 2024
Vi ser etter deg som har lyst til å jobbe internasjonal og som er selvstendig, målrettet, effektiv og har god rolleforståelse.
Vil du hjelpe oss å lage brukervennlige løsninger for søkerne våre gjennom god lavkoding?
- Arbeidssted:
- Lysaker
- Søknadsfrist:
- Onsdag 15. jan. 2025
Vi ser etter en lavkodeutvikler som vil være med å utvikle det nye sakssystemet vårt for oppfølging av søknader og prosjekter?
Vi søker rådgiver/seniorrådgiver i fast stilling til å styrke vår Azure-forvaltning
- Arbeidssted:
- Lysaker
- Søknadsfrist:
- Onsdag 15. jan. 2025
Ønsker du å lede og ha ansvar for forvaltningen av vårt Azure-miljø?
Bli oppdatert når nye stillinger legges ut:
Abonnér på stillingerMeldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 02.08 CET