Regionale vitensenter
Vi forvaltar tilskot til dei regionale vitensentra i Noreg. Dei regionale vitensentra er populærvitskaplege opplevings- og læringssenter for matematikk, naturvitskap og teknologi. Her er målet at besøkjande skal lære ved å eksperimentere sjølv.
Føremålet med dei regionale vitensentra er å auke interessa for realfag blant barn, unge og ålmenta generelt.
Sentra som inngår i ordninga skal vere eit regionalt tilbod av god kvalitet for elevar, studentar, lærarar, foreldre og ålmenta i dei ulike regionane.
Det er 13 regionale vitensenter
Atlanterhavsparken, Ålesund
DuVerden, Porsgrunn
Inspiria, Sarpsborg
Jærmuseet, Sandnes og Nærbø
Nordnorsk vitensenter, Tromsø
VilVite, Bergen
ViteMeir, Sogn
Vitensenteret Innlandet, Gjøvik
Vitensenter Nordland, Mo i Rana
Vitensenteret Sørlandet, Arendal
Vitenparken Campus Ås, Viken
Styringsgruppa for dei regionale vitensentra (VITEN) 2024–2027
- Ove Gunnar Drageset, professor i matematikkdidaktikk ved UiT Norges arktiske universitet, Tromsø (leiar styringsgruppa)
- Leif Lømo, pensjonert spesialrådgivar i Equinor og sjølvstendig konsulent, Bergen
- Ella Maria Idsøe, professor i Naturfagsenteret, UiO
- Bodil Svendsen, førsteamanuensis i naturfagdidaktikk, fagseksjonsleiar naturfaga, Institutt for lærerutdanning, NTNU Trondheim
- Lars Gunnar Olsen, lærar ved Abel skole i Gjerstad kommune, Agder
Retningslinjer
Forskingsrådet og Kunnskapsdepartementet har utvikla eigne retningslinjer for ordninga:
Andre dokument
- Forenklet årsrapport for vitensentrene 2022 (pdf)
- Forenklet årsrapport for vitensentrene 2021 (pdf)
- Forenklet årsrapport for vitensentrene 2020 (pdf)
- Utviklingsplan for de regionale vitensentrene 2021–2024 (pdf)
- Årsrapport VITEN 2018 pdf
- Sluttrapport for strategiske satsninger 2016–2019 pdf
På nettsidene til Vitensenterforeninga finn du meir informasjon.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. mars 2025, kl. 07.07 CET
Viktig informasjon
Til utlysingane med søknadsfrist 12. mars. mars kl. 13.00 betener vi vakttelefonen +47 22 03 72 00 måndag 10. mars og tysdag 11. mars kl. 08.00–15.45 og onsdag 12. mars kl. 08.00–13.00.