Ugelstad-kuler vart banebrytande for medisin og teknologi
Professor John Ugelstad var den første som klarte å lage mikroskopiske kuler med identisk storleik, såkalla monodisperse kuler. Desse kulene har fått mykje å seie i medisinsk diagnostikk og behandling.
John Ugelstad (1921–1997) var professor i kjemi ved NTNU. Den vitskaplege innsatsen hans gjorde han berømt i vitskaplege krinsar verda over.
Kulene blir produserte i ulike storleikar, men vanlegvis er dei frå om lag 0,001–0,1 mm i diameter. Dei kan modifiserast på ulike måtar, blant anna kan dei gjerast superparamagnetiske ved tilsetning av magnetisk materiale.
Stor betydning for medisinsk behandling
Kulene blir nytta i ulike former for kreftbehandling og er viktige i arbeidet med AIDS, bakteriologi og DNA-teknologi.
Allereie i 1983 kunne kulene takast i bruk på beinmergskreft. Metoden går ut på at ein tek ut noko av beinmergen til den sjuke pasientane og tilset dei magnetiske kulene som trekkjer til seg kreftcellene. Deretter blir den friske beinmergen ført tilbake til pasienten.
Til overflata på dei magnetiske kulene kan det koplast stoff som kjenner til dømes igjen bestemde celler og bakteriar. Kulene med dei påkopla stoffa blir blant anna brukte når det er behov for å trekkje ut bestemde celletypar, til dømes frå ei blodprøve. Ved transplantasjon er dei eit viktig verktøy i vevsklassifisering.
Gir skarpe LCD-skjermar
I dag blir kulene brukte i to variantar, magnetiske og ikkje-magnetiske. Dei ikkje-magnetiske kulene blir nytta i laboratorieutstyr og prosessar. Dei blir blant anna brukte til å sikre at medisinar blir 100 prosent reine. Dei blir også brukte i flatskjermar. At kulene er like store, gjer at bileta blir skarpe.
Ugelstad-kulene har vorte gullstandarden innanfor biomagnetisk separasjon under namnet Dynabeads. Dei blir produserte på Lillestrøm.
Eit forskingslaboratorium som ber Ugelstads namn vart oppretta ved NTNU i Trondheim 2002. Thermo Fisher Scientific utviklar og sel produkt basert Ugelstad-kuler og kundane er biotekselskap over heile verda.
Kjelder:
Norsk biografisk leksikon
Store medisinske leksikon
Forskning.no
Aftenposten
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 13.54 CET