Spør KI-samtaleroboten vår

Norsk gran skal gi berekraftig fôr

Forskingssenteret Foods of Norway forskar på berekraftig dyrefôr frå norsk granskog. Forskarar knytte til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås jobbar med å auke matproduksjonen samtidig som klimaavtrykket blir redusert. Løysinga er gjær basert på norske grantre som kan utkonkurrere importert soya.

Illustrasjonsbilde av frimerke med gran som motiv

For å få nok fôr til oppdrettsnæringa og husdyrhald, er Noreg i stor grad avhengig av store mengder importert fôr frå utlandet. Mykje av dette er soya, som også blir brukt til matproduksjon for menneske. Soyaproduksjon har alvorlege miljøkonsekvensar, slik som avskoging, forureining, tap av uerstattelege artar, og klimagassutslepp. I oppdrettsnæringa står fôret for 70 prosent av alle klimagassutsleppa. 

Men snart kan norsk gran vere eit alternativ. Den kortreiste maten vil skape gode miljøgevinstar, samtidig som han vil gjere fisken friskare. Fôret som blir produsert av gran inneheld like mykje næringa som soya. 

Korleis gjere gran om til fôr

Å gjere om gran til fôr er ein lang og komplisert prosess. Først må grana kuttast til flis. Så blir det brukt varme og kjemiske tilsetningar for å hente ut lignin, cellulose og hemicellulose. Cellulosen blir så brote ned til sukker.

Til dette brukar forskarane på Foods of Norway enzym som dei har oppdaga og isolert. Deretter blir gjær tilsett, og dette gjer om sukkersambanda til protein. Gjæren blir hausta og tørka før den proteinrike massen blir tilsett mineral og andre stoff som trengst i dyre- og fiskefôr.

Fordelane med fôret som blir laga av gran

Fôret som blir laga av gran inneheld 65 prosent protein og er rik på antioksidantar. Forskinga viser at ho er lettfordøyeleg, slik at dyra blir friskare og veks fortare. Dei trivst også betre enn når dei et konvensjonelt fôr. 

Mikrobar og gjær er framtida i matproduksjon. Dei har høg næringsverdi, dei veks veldig fort samanlikna med plantar på land, og dei kan gjere om alle slags råstoff til høgverdige protein. Dei er berekraftige, legg ikkje beslag på landbruksareal og konkurrerer ikkje med menneskemat.

Eit senter for framifrå innovasjon

Foods of Norway er eit av Forskingsrådets senter for framifrå innovasjon (SFI). I desse sentra utviklar forskarane kompetanse som er viktig for innovasjon og verdiskaping.

Langsiktig forsking i eit nært samarbeid mellom FoU-aktive bedrifter og framståande forskingsmiljø skal styrkje teknologioverføring, internasjonalisering og forskarutdanning. Vitskapleg kvalitet i forskinga må liggje på eit høgt internasjonalt nivå. Sentera er etablerte for ein periode på maksimalt åtte år.

Kjelder: foodsofnorway.net, forskningsradet.no, nrk.no, forskning.no

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 13.44 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.