Spør KI-samtaleroboten vår

Bryt is for vitskapen: Arven etter Nansen og forskingsfartøyet Kronprins Haakon

"Arven etter Nansen" er meir enn berre eit forskingsprosjekt – det er ei vidareføring av Noregs stolte tradisjon for arktisk utforsking og oppdagingar. Prosjektet følgjer i spora til Fridtjof Nansen og har som mål å utvide forståinga vår av Arktis og økosystema der.

frimerke av Fridjof Nansen, isen i bakgrunnen har form av Nansen og en isbryter kjører gjennom isen, i bakgrunnen et utsnitt fra dette frimerket i utydelig utsnitt

Heile 230 forskarar deltek i prosjektet som undersøkjer konsekvensane av klimaendringane for Arktis. Med det ypparste av utstyr og dei mest avanserte forskingsfartøya i verda, som FF "Kronprins Haakon", har forskarane gjennomført ei rekkje vitskaplege tokt i det nordlege Barentshavet for å kartleggje og forstå endringar i det marine økosystemet og korleis det blir påverka av menneskeleg aktivitet. 

Frontlinja til klimaendringane

Arktis er ein region i rask endring. Med temperaturar som stig nesten fire gonger raskare enn i andre delar av verda, er Arktis i frontlinja av klimaendringane. Endringane har til dels dramatiske konsekvensar for økosystema og dyreliva til regionen. Arven etter Nansen gir forskarane eit unikt høve til å studere desse endringane på nært hald. 

Arktis: Ein region i endring

Målet med det store prosjektet Arven etter Nansen, som blir avslutta i 2024 etter seks år, er nettopp å forstå verknadene på økosystemet av at isen trekkjer seg tilbake i det nordlege Barentshavet og i det tilgrensande djupe Polhavet. For å forstå kva som skjer i full breidd, har Arven etter Nansen ei heilskapleg tilnærming til dei komplekse samanhengane mellom atmosfære, havis, havstraumar og til marine plantar og dyr.

Forskarane har bakgrunn frå mange ulike naturvitskaplege disiplinar og tilhøyrer ti norske universitet og forskingsinstitusjonar. Prosjektet er ei historisk stor satsing i Noreg og har vore essensiell for å sikre vitskapleg kunnskap for ei berekraftig forvaltning av arktiske havområde også i framtida.    

Får fram mykje data

Arven etter Nansen står for ein ny måte å strukturere forsking på for å løyse store og utfordrande oppgåver.

21 vitskaplege tokt til det nordlege Barentshavet og det indre Polhavet sidan 2018 har gitt kunnskap og innsikt til å forstå endringar i det marine økosystemet og i det fysiske pådraget frå atmosfæren, havstraumane og isforholda.

Tokta bidreg også til testing av ny marin teknologi, og datamaterialet gir grunnlag for forbetring av bølgje-, vêr- og isvarsel i Arktis. Geologiske undersøkingar set observasjonar av dagens tilstandar i eit historisk perspektiv, medan numeriske modellar blir brukte for å forstå korleis klimaet og økosystemet kan utvikle seg i framtida.

I Arven etter Nansen samarbeider universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Havforskingsinstituttet, Norsk polarinstitutt og Meteorologisk institutt og dessutan Nansensenteret (NERSC) og Akvaplan-niva. Budsjettet er på tre-kvart milliardar kroner.

Eit teknologisk vedunder i isen

Forskingsfartøyet “Kronprins Haakon” er eit teknologisk vedunder og ein milepæl i polarforskinga, laga og utstyrt for å takle dei tøffe forholda i Arktis. Fartøyet har vore den viktigaste reiskapen for Arven etter Nansen.

Med stålplater som er opp mot 40 millimeter tjukke og isbrytarbaug i kombinasjon med mykje maskinkraft, kan fartøyet halde 3,5 knop (vel 6 km/t) jamn fart gjennom éin meter massiv is. Dette gjer det mogleg for forskarar å nå område av Arktis som tidlegare har vore utilgjengelege.

Blir forholda vanskelegare, er skroget dimensjonert for at fartøyet kan hente fart, køyre inn i havisen og klatre opp på han, for dermed å bruke tyngda til å knekkje isen ned.

Fartøyet er også utstyrt med 15 laboratorium som kan huse dei fleste forskingsdisiplinar. Det gir forskarane høve til å gjere komplekse analysar og eksperiment om bord, noko som er avgjerande for å forstå dei raskt skiftande forholda i Arktis.

Ein annan framifrå funksjon er det avanserte ekkoloddet til fartøyet. Dette gir forskarane detaljert informasjon om havbotnen, noko som er viktig for å forstå dei geologiske prosessane som har påverka Barentshavet og Polhavet gjennom tidene.

Skipet kan også huse ein fjernstyrt ubåt (ROV) som kan gå ned til 6000 meters djup og gir dermed eineståande tilgang til dei djupaste delane av Polhavet, noko som er avgjerande for å forstå dei komplekse økosystema som finst der.

I tillegg er "Kronprins Haakon" utstyrt med ei fleire kvadratmeter stor sluse frå dekk og ned i havet. Slusa, som er inne i ein hangar omlag midt i skipet, blir stengd i topp og botn når ho ikkje er i bruk. Denne løysinga gjer det mogleg å sende utstyr, slik som ROV-en, ned i vatnet sjølv om skipet er omringa av havis. Både is og høge bølgjer gjer det utfordrande å ta prøver, difor har denne slusa vorte mykje brukt.

Fartøyet har også helikopterdekk med tilhøyrande hangar, noko som gir forskarane høve til å utføre målingar frå lufta. Dette er viktig for å kunne forstå korleis klimaendringane påverkar Arktis.

Alt dette gjer “Kronprins Haakon” til eit uunnværleg verktøy for forskarar som studerer polare område. Med den avanserte teknologien og det robuste designet han har, er det inga overdriving å seie at “Kronprins Haakon” er eit av dei mest avanserte forskingsfartøya i verda. Fartøyet er eit godt symbol på Noregs engasjement for vitskapleg oppdaging og på viljen vi har til å forstå og verne Arktis.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 12.28 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.