Porteføljar
Vi har delt arbeidet vårt med investeringar inn i 11 porteføljar. Kvar portefølje har eit styre med ansvar for å investere i prosjekt innanfor sitt porteføljeområde. Dei har også eit rådgivingsansvar og skal rapportere til Forskingsrådets styre.
Nye porteføljeplanar
Ti porteføljestyre arbeider no med nye porteføljeplanar. Dei fire første planane skal behandlast i styret i desember, tre i februar og dei tre siste i mars. Før styrebehandlinga, skal vi ha digitale innspelsmøte med eksterne (UH, institutt, næringsliv osb). Oversikt over møta kan du sjå i boksen til høgre.
Les nyhetssaka om dei nye porteføljeplanane.
Desse porteføljeplanane er klare
- Portefølje for forskingssystemet
- Portefølje for banebrytande forsking
- Portefølje for innovasjon
- Portefølje for mogleggjerande teknologiar
- Portefølje for helse
- Portefølje for demokrati og global utvikling
- Portefølje for velferd og utdanning
- Portefølje for klima og miljø
- Portefølje for mat og bioressurser