Spør KI-samtaleroboten vår

Oversikt over tidligare vinnarar av formidlingsprisen

Forskingsrådets formidlingspris blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande. Formidlinga skal vere allmennretta.

2023: Inga Strümke, Førsteamanuensis Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU - forskar på kunstig intelligens. Inga Strümke får prisen fordi ho i formidlinga si er oppteken av både på den faglege utviklinga av feltet kunstig intelligens og av korleis kunstig intelligens har innverknad på samfunnet. Ho deltek med stort engasjement i samfunnsdebatten om eit komplisert forskingsfelt som har konsekvensar for heile samfunnet. Strümke har på kort tid vorte den mest synlege forskaren og formidlaren innanfor kunstig intelligens i Noreg. Ho har ein omfattande formidlingsaktivitet bak seg, inkludert bestseljaren Maskiner som tenker.

Sjå takketalen til Inga Strümke

2022: Kjemikar Alexander Sandtorv vart tildelt Forskingsrådets formidlingspris  for den breie formidlinga si av krafta til kjemien for alle. Sandtorv er ein uredd formidlar og debattant som evnar å treffe ulike delar av befolkninga, i ulike forum, og med ulike og til dels nyskapande metodar. Han kommuniserer kunnskapsrikt, men folkeleg og med låge skuldrer med ei rekkje målgrupper, også ved bruk av humor. Sandtorv var inntil i år førsteamanuensis i kjemi på Universitetet i Oslo. Frå 2022 har han etablert eiga verksemd som forskingsformidlar på heiltid, og er involvert i bøker, podkast og TV-produksjonar.

2021: Anne Spurkland, professor i anatomi og forskar på molekylær immunologi ved Universitetet i Oslo. Professor Anne Spurkland har vore ei synleg stemme i debatten om koronapandemien. Gjennom fleire hundre intervju og utspel i media har Spurkland kommentert og svart på pandemirelaterte spørsmål frå alle lag av befolkninga. Samstundes har ho utfordra myndigheitene sitt arbeid med pandemien. Samla sett har ho bidratt til ein kunnskapsbasert debatt om pandemirelaterte spørsmål. Juryen framheva vidare i si grunngjeving at prisvinnaren i same periode har skreve ei populærvitenskapelig bok om immunforsvaret som fekk gode kritikkar. 

2020: Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi på Institutt for Naturforvaltning ved NMBU Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi på Institutt for Naturforvaltning ved NMBU fekk Forskingsrådets formidlingspris 2020 for hennar ypperlege formidling av tydinga til dei små liva for det store livet på jorda. Ho bruker kunnskapen sin og formidlingsevne til ein breiare debatt om tap av biologisk mangfald og kva naturkrisa betyr for oss alle. Med ein unik entusiasme og eit stort hjarte for saka, når ho fram til svært mange – både unge og gamle, politikarar og media.

2019: Audun Rikardsen, professor i arktisk og marin biologi ved Noregs arktiske universitet, Universitetet i Tromsø. Rikardsen er mest kjend for sine fantastiske naturfoto som han også brukar i formidlinga av eiga forsking, og han har hausta mange prisar i inn- og utland for bileta sine. Han har over fleire år utmerkt seg med ein svært høg formidlingsaktivitet av forsking retta mot barn og unge, til fagfolk, til beslutningstakarar og til breie lag av befolkinga. Rikardsen jobbar med aktuelle tema i samfunnsdebatten, som bruk og fordeling av naturressursar og med marin forsøpling.

2018: Bjørn Samset ved CICERO senter for klimaforskning. Samset er fysisk klimaforskar og ein av Noregs fremste formidlarar av klimaforsking og fysikk. Han beherskar både den forklarande formidlinga av kompliserte spørsmål og det å rettleie aktuelle samfunnsdebattar gjennom media, skriv juryen i si grunngiving. Juryen legg vekt på at han er ei uredd og tydeleg stemme som også meistrar dei vanskelege debattane der forsking møter politikk

2017: Henrik Svensen ved Institutt for geofag ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo. Henrik Svensen, som forskar innanfor feltet vulkanisme og krisene i fortida, er ein av Noregs fremste formidlarar av eiga forsking, men også ein tydeleg formidlar av geologisk forsking generelt, skriv juryen i grunngivinga si. – Det ligg stor fagleg kunnskap og stort samfunnsengasjement bak Henrik Svensens formidlingsaktivitet, og med si evne til å popularisere og nytte seg av ulike medium og formidlingsformer, er Svensen eit godt døme for andre.

2016: Etnologen Ingun Grimstad Klepp, Forbruksforskningsinstituttet ved Høgskolen i Oslo og Akershus, for engasjert formidling om tema som friluftsliv, klede og husarbeid, miljø, klesvanar. Grimstad Klepp har engasjert seg i den politiske debatten om forbruksvekst og miljøbelastning. Ho kombinerer perspektiv frå natur-, kultur- og samfunnsvitenskapeleg forsking i føredrag, bøker og utstillingar. Ho er dyktig til å tilpasse budskap til kanal og målgrupper, og har til dømes vore med i TV2 hjelper deg, Lindmo, Puls, Ekko, Norgesglasset, God morgen Norge og Farmen.

2015: Jurist og forskar Anine Kierulf, Norsk senter for menneskerettigheter/Universitetet i Oslo, for evna ho har til å forklare innfløkte problem på ein forenkla, men poengtert og tydeleg måte og for å vere ei viktig og truverdig stemme i ålmenta i spørsmål som gjeld menneskerettar og ytringsfridom. Kierulf er uredd og poengtert, og ho held ein høg fagleg standard samstundes som ho evnar å formidle langt utanfor faggrensene. Med samfunnsengasjementet sitt når ho ut til mange målgrupper.

2014: Professor Frank Aarebrot, Universitetet i Bergen, for uredd, tydeleg og klar kommunikasjon, stort engasjement og imponerande gjennomslagskraft. Aarebrot har klart å skape engasjement og merksemd, ikkje berre om sitt eige fagfelt, men om samfunnsspørsmål generelt.

2013: Professor Jorunn Sundgot-Borgen, Seksjon for idrettsmedisinske fag ved Norges idrettshøgskole, for å vere ein framifrå forskar og ein svært aktiv formidlar gjennom mange år. Ho har bidratt til meir tydeleg og betre forskingskommunikasjon innanfor felta idrett, kvinnehelse og ernæring – område som er utfordrande og tabubelagte.

2012: Professor Nils Christian Stenseth, Biologisk institutt, Universitetet i Oslo, for å ha vore ein svært aktiv formidlar av forskinga si gjennom heile forskarkarrieren, og vore bevisst på bruken av mange formidlingskanalar. Han evnar å forklare komplekse problem på ein forenkla, men poengtert og tydeleg måte, og er ein samfunnsengasjert formidlar som fengjer eit publikum langt utanfor grensene til faget.

2011: Professor i økonomi Kalle Moene, Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo, for si evne til å forklare komplekse økonomiske spørsmål på ein forståeleg måte. Han har gjennom mange år vore aktuell og poengtert i si forskingsformidling, og held ein høg fagleg standard samtidig med at han klarer å formidle langt utanfor faget sine grenser.

2010: Redaksjonen for nettstaden Forskning.no for framifrå formidling av forsking og kunnskap gjennom gode og kritisk innretta redaksjonelle produkt, og for å ha inspirert norske forskarar og forskingsmiljø til meir, breiare og betre formidling av eigne resultat.

2009: Paleontolog Jørn Hurum, Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo, for gjennom ei årrekkje å ha formidla til eit breitt publikum, nådd nye og breie målgrupper, og med stor entusiasme, glede, fagleg tyngd og nærvær skapt merksemd og interesse for kunnskap og forsking.

2008: Professor i medisin Ole Didrik Lærum, Gades Institutt, Universitetet i Bergen, for levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Kommunikasjon har vore ein bevisst og integrert del av forskarvirket hans, og gjennom lang tid har han vist initiativ til å skape merksemd ikkje berre rundt eige fag, men òg om forskinga sin plass i det norske samfunnet
generelt.

2007: Professor Egil Lillestøl, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, for formidling av grunnleggjande fysikk til skoleelevar og publikum, ei allmennretta formidlig av svært høg kvalitet.

2006: Wenche Blomberg, forskar ved Institutt for kriminologi, Universitetet i Oslo, for si levande framstilling av historia til psykiatrien.

2005: Professor Terje Tvedt, forskingsleiar ved Senter for utviklingsstudiar, Universitetet i Bergen, som ei påskjønning for ei langvarig, original og profesjonell formidling frå eit svært viktig kunnskapsfelt – vassressursane på jorda.

2004: Havforskar og toktleiar Odd Aksel Bergstad, MAR-ECO-prosjektet, som hovudansvarleg for det omfattande formidlingsprosjektet frå det internasjonale MAR-ECO-prosjektet, der særleg mangfaldet og profesjonaliteten som pregar formidlingsarbeidet har imponert og begeistra juryen.

2003: Professor Bente Træen, Psykologisk institutt, Universitetet i Tromsø, for si framifrå formidling og fordi ho demonstrerer stort medvit om utfordringar og krav i forskingsformidlinga. Det som først og fremst kjenneteiknar formidlinga hennar, er omfanget, mangfaldet og nærleiken til publikum.

2002: Professor Thomas Hylland Eriksen, Sosialantropologisk institutt, Universitetet i Oslo, fordi han er ein særleg aktiv formidlar av sitt fag og sin kunnskap, eit mønsterverdig eksempel på at forsking, og til dels komplisert fagstoff, kan formidlast i eit forståeleg og klart språk.

2001: Førsteamanuensis Michael Baziljevich ved Fysisk institutt, Universitetet i Oslo, for sitt arbeid med Astrofestivalen og for sitt engasjement og sin kreativitet, samt for sin langvarige innsats for formidling av forsking og realfag.

2000: NRK P2s populærvitskaplege radioprogram "Verdt å vite" for den offensive og oppsøkjande haldninga redaksjonen har vist, og at dei har klart å skape eit levande og engasjert radioforum for norsk og internasjonal forsking.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. november 2024, kl. 16.00 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.