Formidlingsprisen
Formidlingsprisen blir tildelt ein forskar som har utmerkt seg med levande, kreativ og nyskapande kommunikasjon frå sitt eige fagfelt, knytt til noverande eller tidlegare forsking. Formidlinga skal vere retta mot allmenta. Prisen er på 500 000 kroner.
Vedtekter for formidlingsprisen
-
Formålet med Forskingsrådets formidlingspris er å lønne og stimulere til formidling av forsking frå eige fagfelt overfor eit breitt publikum.
-
Formidlinga må vere av høg kvalitet både i form og innhald. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande.
-
Prisen kan også tildelast for arbeid knytt til etiske problemstillingar innanfor forsking.
-
Prisen er på 500 000 kroner.
-
Ein føreset at summen blir nytta til eigenkvalifisering i formidling eller til formidlingstiltak.
-
Prisen blir normalt gitt til éin mottakar, men ein kan også gi han til fleire som har samarbeidd om eit felles formidlingstiltak.
-
Prisen blir utlyst offentleg. Forslag på kandidatar til prisen skal innehalde ei fyldig grunngiving. Det er ikkje høve til å fremje sitt eige kandidatur til prisen.
Innsende forslag til kandidatar blir vurderte av ein jury som til saman representerer formidlingskompetanse og innsikt i forsking. Juryen blir oppnemnd av Hovudstyret for ein periode på tre år. Jurymedlemmene kan også fremje forslag til kandidatar dersom juryen samla kjem fram til at det er behov for det.
Forskingsrådets formidlingspris blir gitt til ein forskar som har utmerkt seg med levande og nyskapande kommunikasjon av høg kvalitet frå eige fagfelt. Alle typar formidling i alle typar medium, og både langvarig innsats og enkeltståande tiltak, kan premierast. Det blir lagt vekt på den evna kandidaten har til å vere kreativ og nyskapande.
Vi kan gi prisen for aktivitetar knytte både til forsking som er i gang og til forsking som er avslutta.
Årets vinner av formidlingsprisen offentliggjøres i oktober/november.
Juryen for Forskingsrådets formidlingspris 2024
- Anine Kierulf (førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo)
- Alexandra Beverfjord (konserndirektør, Aller Media AS)
- Asle Haukaas (kommunikasjonsdirektør, Veterinærinstituttet)
- Christian Lund (spesialrådgivar, Forskingsrådet)
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 18.08 CET