Spør KI-samtaleroboten vår

Tidligare vinnarar av innovasjonsprisen

Forskingsrådets innovasjonspris blir gitt til ei verksemd som har utmerkt seg med eksepsjonelt god utnytting av forskingsresultat, og på den måten skapt forskingsbasert innovasjon. Verksemda må ha nytta seg av eitt eller fleire av Forskingsrådets verkemidlar.

2023: Transportselskapet Ruter har dei siste åra bygd opp eit av dei mest framoverlente KI-miljøa i landet og satsar på KI med utgangspunkt i berekraftig rørslefridom for kundane. Mellom anna har dei utvikla eigne språkmodellar og leiger datakraft frå kvantedatamaskiner for å gjere kalkulasjonar. Dette gjer mellom anna Ruter i stand til å få brukarinnsikt på heilt nye måtar. Ved å bruke kunstig intelligens kan dei kartleggje språkbruk i sosiale medium, og slik finne område og ruter som er særleg utfordrande.

Sjå takketalen til Bernt Reitan Jenssen, administrerande direktør i Ruter

2022: Forskingsrådets innovasjonspris for 2022 gjekk til Gerd Kvale frå Universitetet i Bergen og Bjarne Hansen frå Helse Bergen for The Bergen 4-Day Treatment (B4DT), som har vist svært god effekt mot alvorlege angstlidingar som OCD, panikkangst og sosial angst. Prisvinnaren er eit framifrå døme på ein suksessrik tenesteinnovasjon som byggjer på grunnleggjande forsking. Den er allereie teken i bruk i USA og fleire europeiske land, i tillegg til i Noreg. Forskarane har bygd på det omfattande forskingsarbeidet sitt innan psykologi og psykisk helse for å utvikle eit nyskapande behandlingsopplegg med imponerande resultat blant pasientar med ulike psykiske lidingar.

2021: I mars og april 2020, utvikla forskarane Magnar Bjørås og Sulalit Bandyopadhyay ved NTNU ein svært sensitiv koronatest, og for dette fekk dei innovasjonsprisen vår for 2021. Koronatesten vart tidleg tatt i bruk ved norske sjukehus og er også selt til helsetenesten i andre land. Bjørås (molekylær medisin) og Bandyopadhyay (prosesskjemi og nanoteknologi) hadde ikkje samarbeidd tidligare og det var pandemien som brakte dei og forskningsgruppene deira saman. I 2022 er de begge sentrale i opprettinga av selskapet Lybe Scientific AS som skal utvikle produkt for diagnostikk. 

Les også: Grunnforskning sentral i innovasjonssuksess

2020: Agnete Fredriksen mottok innovasjonsprisen. I 2020 ønskte Forskingsrådet å gi prisen til nokon som har klart å snu seg rundt under koronapandemien og skape spennande forskingsbasert innovasjon. Fredriksen starta selskapet Vaccibody i 2007 saman med professor Bjarne Bogen og professor Inger Sandli. Selskapet utviklar DNA-baserte persontilpassa vaksiner retta mot behandling og forebyggjing av kreft og smittsame sjukdommar. Vaksinene blir skreddarsydde for kvar spesifikke sjukdom eller kvart spesifikke virus, og teknologien kan også brukast for å bekjempe koronaviruset. – Agnete Fredriksen er eit godt eksempel på at langsiktig satsing på forsking og innovasjon er med på å utvikle behandlingar som reddar liv, men som også kan skape arbeidsplassar og gi verdiskaping. Fredriksen sitt arbeid har vist at satsing på forsking kan vere ein farbar veg til god næringsutvikling, seier næringsminister Iselin Nybø.

2019: Havteknolog, professor ved NTNU og seriegründer Asgeir J. Sørensen for prosjekt innanfor ei rekkje ulike maritime teknologiar, som undervatnsdroner, offshore vindturbinar, havbrukskonstruksjonar, autonome skip og subsea-teknologi. Han er ein populær forelesar og er kjend for å drive fram talent og bygge team. Sørensen leiar eit senter for framifrå forsking (Centre for Autonomous Marine Operations and Systems) og har vore med og starta sju vekstselskap.

2018: Zivid for å ha utvikla "robotaugo", ein 3D-kamerateknologi med ekstrem nøyaktigheit for robot- og automasjonsløysingar. Zivid er eit resultat av årelang, konsentrert FoU-innsats innanfor industri 4.0-segmentet, og bedrifta har ambisjonar om å skape eit internasjonalt kompetansemiljø innanfor 3D i Nydalen, Oslo.

2017: Thermo Fisher Scientific for å ha utviklet en helt ny variant av sitt produkt, som muliggjør rask og effektiv analyse av menneskelige gener og dermed bedre diagnostikk og behandling. Dette har de gjort ved hjelp av solid forskning og kunnskap innen bioteknologi, nanoteknologi og IKT.

2016: Dynatec for banebrytande produksjonsmetode for silisium. Bedrifta leverte maskiner, omnar og utstyr til baking. Ved hjelp av forsking og innovasjon har bedrifta utvida forretningsområdet sitt og utvikla ein ny og meir effektiv måte å produsere silisium til solcelleindustrien. Dynatec har utvikla ein roterande omn, der sentrifugalkrafta gjer at silisium frå silangassen som blir spalta i reaktoren set seg på veggen, mens hydrogen blir spalta av og stig opp. Innovasjonen fører til sterkt redusert energi- og gassforbruk.

2015: Borregaard AS for systematisk og langsiktig arbeid med forsking, utvikling og innovasjon, og for å ha makta å omstille seg som følgje av nye marknadsbehov og for å ha vist konkurransekraft på eit berekraftig vis. Borregaard har evna å integrere innovasjon i kulturgrunnlaget sitt, og marknad og produksjon er sterkt involvert i innovasjonsprosessane. Borregaard er ein god rollemodell og ei inspirasjonskjelde i ei tid som kallar på omstilling.

2014: Polybait AS for å ha utvikla eit kunstig agn for fritidsfiske, teinefiske og linefiske. Det kunstige agnet erstattar bruken av fisk som agn, og er med på å gjere fiskerinæringa meir berekraftig. Bedrifta har brukt forsking aktivt for å utvikle produkta sine, og har store ambisjonar og stort potensial når det gjeld å kople forsking, innovasjon og berekraft.

2013: Prox Dynamics AS for å ha utvikla verdas minste ubemanna luftfartøy som berre veg 16 gram og kan brukast til å overvåke og kartlegge område på inntil éin kilometer. Helikopteret er enkelt å betene og lett å transportere. Nyvinninga er basert på moderne mikroelektronikk, ny sensorteknologi og kreativ aerodynamikk.

2012: Cambi AS og Oslo kommune Energigjenvinningsetaten (EGE), for å ha gått saman om å bruke forsking og systemtenking for å etablere ein banebrytande biogassfabrikk i Nes på Romerike. Ved fabrikken blir biogass oppgradert til flytande biometan. Biometan blir brukt som drivstoff, og næringsstoffa frå matavfallet blir til biogjødsel. Samarbeidet er eit godt eksempel på kundedriven innovasjon, kor brukarperspektivet har vore eit viktig element.

2011: Laerdal Medical AS, for si evne til å ta i bruk forskingsresultat på ein måte som skapar både økonomiske og samfunnsmessige verdiar. Frå å vere ei tradisjonell produksjonsbedrift har bedrifta, gjennom systematisk innovasjonsarbeid, utvikla seg til å bli ei moderne kunnskapsbedrift og internasjonal marknadsleiar innafor opplærings- og behandlingsprodukt for livreddande førstehjelp.

2010: Abilia AS har vist stor innovasjonsevne gjennom fleire år og har mellom anna konstruert verdas første augestyrte køyresystem for rullestolar.

2009: DiaGenic ASA har forska fram nye metodar for enkel diagnose ved hjelp av blodprøve. Teknologi for å diagnostisere brystkreft, alzheimer og parkinson er teke i bruk.

2008: Bionor Immuno ASA utviklar vaksiner og har vist lovande resultat i behandling av virus som eksisterande vaksiner ikkje har vore effektive mot.

2007: REC ASA har gjennom forsking og innovasjon vore med på å skape ein solenergiindustri i Noreg og blitt ein av verdas leiande leverandørar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. november 2024, kl. 05.11 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.