Spør KI-samtaleroboten vår

Posten og Forskingsrådet håpar at frimerka kan vekkje nysgjerrigheit og interesse for forsking, innovasjon og teknologi, både blant filatelistar og folk flest som sender eller får frimerka. Frimerka har ein QR-kode som du skannar med mobiltelefonen. Du kjem då til denne sida med meir informasjon om kvar enkelt oppdaging og oppfinning – og litt om historia.

Ved å vise fram noko av det norske forskarar har oppnådd på desse frimerka, ønskjer vi å skape medvett omkring kva vitskaplege framsteg betyr for oss. Vi vil vise kva dette betyr for samfunnsutviklinga, for meir og betre kunnskap, betre helse, ny teknologi og for arbeidsplassane i framtida.

Forsking og innovasjon har gjennom mange generasjonar vore både byggjesteinar og drivkraft i det Noreg som har vakse fram til å bli eit moderne velstandssamfunn. Samtidig er vi som lite land avhengig av å samarbeide med andre – også innanfor forsking og utvikling.

Viktige oppdagingar og store gjennombrot gjer norske forskingsmiljø attraktive å samarbeide med. Forskingsmiljøa som får til banebrytande resultat i Noreg er, eller blir, ofte fleirnasjonale. Vi haustar på den måten endå større gevinstar frå forsking, innovasjon og utvikling, enn vi ville gjort heilt på eigenhand.

Frimerka

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. desember 2024, kl. 00.37 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.