Spør KI-samtaleroboten vår

Norsk helseforsking er evaluert: Jamn og god kvalitet, men potensial for å oppnå mykje meir

Ein internasjonal komité har vurdert kvaliteten på norsk medisinsk og helsefagleg forsking. Konklusjonen er at norske forskingsmiljø jamt over held god kvalitet, men at det er stor variasjon i kvalitet og ambisjonsnivå. Rapporten peikar på at det er eit stort potensial for å oppnå meir innan helsefagleg forsking i Noreg.

Rapporten evaluerer norsk medisinsk og helsefagleg forsking for perioden 2012-2022 og vurderer kvalitet og relevans av forsking utført ved norske høgare utdanningsinstitusjonar, i instituttsektoren og av helseføretaka. Til saman jobbar det 9212 forskarar i dei 317 forskargruppene ved dei 68 administrative einingar som no er evaluerte.

Offentleg medisinsk og helseforsking utgjer 15 prosent av alle forskingsutgifter i Noreg og er eit viktig forskingsområde. Forskingsrådet evaluerer norske fagmiljø for å skape eit solid kunnskapsgrunnlag om norsk forsking og høgare utdanning i eit internasjonalt perspektiv. 

– Det er viktig at forsking held høg kvalitet, og evalueringar er eit viktig ledd for å sikre dette. Kunnskapen er nyttig for institusjonane som deltek i evalueringa, for oss som gir råd til styresmaktene, og for styresmaktene som set mål og rammar for forsking og høgare utdanning, og ikkje minst for samarbeidspartnarar og for at folk skal ha tillit til løysingane som forsking gir, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.  

Finansiering

Finansiering av medisinsk og helsefagleg forsking er for ein stor del offentleg grunnfinansiering uavhengig av ytingane til institusjonane. Dette utgjer 64 prosent av finansieringa. Dette er relativt høgt i eit internasjonalt perspektiv. Mesteparten av resten av finansieringa er oppdrag og konkurranseutsette offentlege midlar frå Forskingsrådet eller andre nasjonale og internasjonale kjelder, industri ikkje inkludert.

Infrastruktur og data

Forskingsinfrastrukturen er generelt sett god, men det er rom for forbetringar både når det gjeld tilgang til og bruk av infrastruktur. Evalueringa viser særleg at betydninga av helseregistera for forsking er viktig, og at dei gjennom betre koordinering kan bli ein eineståande ressurs i eit internasjonalt perspektiv.

Industrisamarbeid og internasjonalisering

Internasjonal finansiering og industrifinansiering er låg. Dette avgrensar ikkje berre forskingsbudsjetta, men det medfører låg deltaking på den internasjonale forskingsarenaen og dessutan reduserte samfunnseffektar.

Kommunikasjonen med industrien er generelt tilfeldig og uorganisert, og det same gjeld for finansieringsinitiativ for oppstartsbedrifter. Det vil vere mykje å vinne på å styrkje prosessen frå forsking og oppdaging til kunnskapsoverføring og implementering.

Rapporten har fem hovudtilrådingar:

  • Betre koordinering av forskingsfinansiering for å auke konkurranseevna til medisinsk og helsefagleg forsking i Noreg.
  • Auke konkurranseevna til norsk medisinsk og helsefagleg forsking ved å fokusere på målretta program på tvers av administrative einingar og organisasjonar, og kople desse til internasjonal toppforsking.
  • Gjere medisinsk og helsefagleg forsking meir attraktiv for unge og/eller utanlandske forskarar, og utvikle klare karrierevegar for forskarar.
  • Utvikle  dei nasjonalehelseregistera for å utnytte det unike potensialet i eit internasjonalt perspektiv.
  • Auke samfunnseffektane av medisinsk og helsefagleg forsking og formidle effektane.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 15. april 2025, kl. 08.51 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.