Spør KI-samtaleroboten vår

Enorm interesse for forsking på kunstig intelligens

Forskningsrådet har fått inn 50 søknadar om å bli nasjonalt forskingssenter på kunstig intelligens. Bak søknadane står meir enn 600 unike aktørar. I juni i år skal Noreg få 4-6 forskingssenter på kunstig intelligens.

– Eg er glad for å sjå den formidable interessa for KI-milliarden. Det er tydeleg at satsinga har mobilisert kunnskapsmiljø både i privat og offentleg sektor. Søkarlista viser at det ikkje er tvil om at vi har ei lang rekke fagmiljø med imponerande kvalitet og høge ambisjonar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel. 

Regjeringa har sett av minst éin milliard kroner til auka forskingsinnsats på kunstig intelligens, digital tryggleik og konsekvensane den digitale utviklinga har for samfunnet. 

– Denne satsinga er viktig for at vi skal ha sjølvråderett over teknologiar som kan få svært store konsekvensar for samfunnet, seier Hoel.

Stor breidde i søknadar

Forskingsrådet fekk inn 50 søknadar, som til saman har søkt om 8,8 milliardar kroner. 150 forskingsinstitusjonar både i Noreg og andre land, 225 bedrifter og over 130 offentlege verksemder står bak søknadene, som følger tre hovudspor: 

  1. Kva konsekvensar kunstig intelligens har for samfunnet
  2. teknologiutvikling
  3. korleis bruke kunstig intelligens til innovasjon i ulike fagområde i privat og offentleg sektor.

– Med KI-sentra, som vi skal offentleggjere i juni, bygger vi vidare på den store suksessen vi har hatt med Senter for framifrå forsking, Senter for forskingsdriven innovasjon og Forskingssenter for miljøvenleg energi. Eg er trygg på at vi no vil få framifrå forsking på kunstig intelligens innan mange ulike fagområde, seier Hoel.

Prosessen vidare

– Frå 122 skissesøknadar sommaren 2024 til 50 søknadar no i januar, tyder på at miljø har funne saman og nytt, lovande samarbeid er etablert. Dei skal konkurrere om å bli eit av dei 4-6 sentra. Nettverka som er etablerte vil truleg styrke forsking og innovasjon knytt til KI, uavhengig om ein får sentertildeling eller ikkje, seier administrerande direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit. 

Forskingsrådet skal no behandle søknadane, og avgjerda om kven som får status som nasjonalt forskingssenter vil skje i juni i år. 

  • AI ANTHROPOCENE – Multimodal Artificial Intelligence for identifying effective responses to the interconnected climate and nature crises
    AI Centre for Autonomous Experimentation (AI-CAX)
  • AI centre for sustainable resource management
  • AI Centre for the Empowerment of Human Learning
  • AI Democratization for Human Development (HAIDe)
  • AI for Nature: advancing sustainable ecosystem management with vision, reasoning, and action
  • AI for Quantum for AI
  • AI for Smart Energy
  • AI Research Centre for National Security
  • AI RISK: Center for the Analysis and Mitigation of Societal Risks from AI
  • AIDEAL - Industrial AI to increase efficiency, reliability and value generation in the energy and ocean sectors
  • AMIVE - Autonomous Multi-agent based systems: challenges with Interoperability, Verification&validation and Explainability
  • AR:KI Centre for Responsible and Equitable AI through Education Norsk: Senter for ansvarlig og rettferdig KI gjennom utdanning
  • BONXAI - Bio-inspired AI for Competent Learning
  • Center for Beneficial AI: AI for public sector and citizens
  • Centre for AI-Based Societal Decision Support
  • Centre for Artificial Intelligence in Healthcare
  • Centre for Public Sector Artificial Intelligence / Senter for offentlig sektor kunstig intelligens (SOSKI)
  • Centre for Quantum Technology and Artificial Intelligence (QAI)
  • Centre for Socially Empowered AI Research
  • "Centre for Societal Consequences of Artificial Intelligence - Senter for
    samfunnskonsekvenser av kunstig intelligens (SESAM)"
  • Digital Learning Communities Artificial Intelligence Centre: Centre for Research on AI in education, defence, police and health sector
  • eXplainable AI for Multi-Scale (X-AIMS)
  • iKnowAI – Centre for Interdisciplinary Research and Knowledge Integration in AI
  • Insight: New AI Methods for Innovative Uses of Public Data
  • KI-INDUSTRI - Multi-agent AI for Regenerative Industry and Society
  • MishMash - Center for AI & Creativity
  • NCU - Norwegian Centre for the Unknown
  • NEXTMAP: A national AI research center for next-event prediction
  • North Star Centre for AI
  • Norwegian Center for Artificial Intelligence Security and Safety (nAIss)
  • Norwegian Center for Language Modeling
  • Norwegian Center on AI Foundation Models
  • Norwegian Centre for Embodied AI (NCEI)
  • Norwegian Centre on AI for Decisions
  • Norwegian Centre on General-purpose Artificial Intelligence: Operational AI for the physical world, robots, and industrial processes
  • Norwegian research centre for psychologically informed artificial intelligence
  • Norwegian Research Centre on Children and Artificial Intelligence
  • Ocean of Artificial Intelligence
  • PAIX - Peace and Artificial Intelligence centre of eXcellence
  • Physics-accelerated AI Research at the Exascale
  • RAISE-UP: Centre for Accelerating AI Advances for the Earth System and Society
  • Research Center AI for Business and Society
  • Research Center for Social Conditions, Consequences and Co-Creation of AI
  • Responsible Innovation, Society & Ethics
  • Senter for Miljø, Samfunn og Kunstig Intelligens / Centre for Environment, Society and Artificial Intelligence
  • Sustainable, Risk-averse and Ethical AI
  • System Support for AI
  • The Tsetlin Machine Centre: Pioneering Green, Scientific, and Democratic AI for Transformative Innovation
  • TRUST - The Norwegian Centre for Trustworthy AI

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 07.14 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.