Spør KI-samtaleroboten vår

175 millionar kroner til kommersialisering av forsking

40 forskingsorganisasjonar har søkt og får no til saman 175 millionar kroner til å styrke arbeidet med å bringe forskingsresultat ut i marknaden.

– Noreg har solide forskingsmiljø, som har idear og resultat med stort potensial for verdiskaping. Regjeringa har jobba for at offentlege løyvingar til forsking og utvikling i større grad blir omsett til verdiar og arbeidsplassar i heile landet. Det er viktig for norsk konkurransekraft, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.

Forskingrådets kommersialiseringsstøtte skal bidra til auka kommersiell bruk av offentleg finansiert forsking. Denne tildelinga dreier seg om å styrke den tidlege fasen av kommersialiseringsarbeidet hos forskingsorganisasjonane, den såkalla TTO-funksjonen. 

– Regjeringa har styrka støtta til teknologioverføringsarbeidet ved forskingsorganisasjonane, slik at lovande forskingsresultat kan bli utvikla og gi grunnlag for nye næringar, omstilling og vekst i næringslivet, seier næringsminister Cecilie Myrseth.  

Stor interesse blant forskingsorganisasjonane og deira TTO-partnarar  

Interessa for nyskaping frå forsking er stor og aukande. Totalt fekk Forskingrådet inn 34 søknader frå 40 forskingsorganisasjonar. 

– At så mange har søkt, viser at forskingsinstitusjonane og helseføretaka er klare til å utvikle strukturen og kompetansen som trengst for å utvikle nye produkt, tenester og oppstartsbedrifter, seier Hoel. 

Desse får pengar:

Organisasjon 

Tildelt beløp (i tusen kroner) 

Fylke/kommune 

HØGSKOLEN I ØSTFOLD 

709

Østfold 

UNIVERSITETET I AGDER 

1773

Agder 

FORSVARETS FORSKNINGSINSTITUTT 

7093 

Akershus 

UNIVERSITETET I SØRØST-NORGE 

1773 

Vestfold 

HØYSKOLEN KRISTIANIA - ERNST G MORTENSENS STIFTELSE 

443 

Oslo 

UNIVERSITETET I OSLO 

14186 

Oslo 

STIFTELSEN NORSAR 

887 

Akershus 

NIBIO - NORSK INSTITUTT FOR BIOØKONOMI 

3015 

Akershus 

NORGES MILJØ- OG BIOVITENSKAPELIGE UNIVERSITET (NMBU) 

7980 

Akershus 

NOFIMA AS 

3547 

Akershus 

VETERINÆRINSTITUTTET 

709 

Akershus 

OSLO UNIVERSITETSSYKEHUS HF 

14186 

Oslo 

JUSTERVESENET 

1773 

Akershus 

HELSE NORD-TRØNDELAG HF 

887 

Trøndelag 

STIFTELSEN NORSK INSTITUTT FOR NATURFORSKNING NINA 

1419 

Trøndelag 

UNIVERSITETSSYKEHUSET NORD-NORGE HF 

1596 

Troms 

FINNMARKSSYKEHUSET HF 

177 

Finnmark 

OSLOMET - STORBYUNIVERSITETET 

2016 

Oslo 

SIMULA RESEARCH LABORATORY AS 

1773 

Oslo 

HELSE MØRE OG ROMSDAL HF 

887 

Møre og Romsdal 

HAVFORSKNINGSINSTITUTTET 

887 

Vestland 

SYKEHUSAPOTEKENE I MIDT-NORGE HF 

887 

Trøndelag 

HØGSKULEN PÅ VESTLANDET 

7093 

Vestland 

VESTRE VIKEN HF 

1773 

Buskerud 

UNIVERSITETET I STAVANGER 

7093 

Rogaland 

HELSE STAVANGER HF 

532 

Rogaland 

HELSE FONNA HF 

355 

Rogaland 

HØGSKOLEN I INNLANDET 

1329 

Innlandet 

INSTITUTT FOR ENERGITEKNIKK 

7093 

Akershus 

NTNU SAMFUNNSFORSKNING AS 

355 

Trøndelag 

UNIVERSITETET I BERGEN 

14186 

Vestland 

NTNU SENTRALADMINISTRASJONEN 

14186 

Trøndelag 

NORCE NORWEGIAN RESEARCH CENTRE AS 

7093 

Vestland 

HELSE BERGEN HF 

7093 

Vestland 

SINTEF AS 

14186 

Trøndelag 

STIFTELSEN NILU 

355 

Akershus 

NORGES GEOTEKNISKE INSTITUTT AS 

621 

Oslo 

ST. OLAVS HOSPITAL HF 

7093 

Trøndelag 

UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET 

14186 

Troms 

NORD UNIVERSITET 

1773 

Nordland 

 

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. januar 2025, kl. 20.43 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.