Spør KI-samtaleroboten vår

10 porteføljeplanar er vedtekne

Ti nye porteføljeplanar frå porteføljestyra i Forskingsrådet er no godkjende. Planane gir retning for prioriteringane til porteføljestyra dei kommande åra.

Sidan dagens porteføljestyre vart utnemnde for eit år sidan har ein av dei viktigaste jobbane for styra vore å leggje planar for arbeidet framover. No er porteføljeplanane på plass for alle dei nye porteføljane.

Planane peikar ut retning for fagleg, tematisk og strukturell utvikling og framtidige investeringsbehov innanfor porteføljestyret sitt eige ansvarsområde.

– Eg er veldig glad for at vi no har godkjende porteføljeplanar for alle porteføljane i Forskingsrådet. Desse planane er viktige når vi skal prioritere, samtidig som dei bidreg til god styring og gjer det meir føreseieleg for omverda, søkjarar og departementa som finansierer forskinga, seier  styreleiar i Forskingsrådet Gunnar Bovim.

Frå porteføljeplan til utlysing

Porteføljestyra skal fremje høg kvalitet i forsking, styrke konkurransekraft og innovasjonsevne, og miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Dei er underlagde Forskingsrådets styre og har avgjerds- og tildelingsfullmakt innanfor ansvarsområda sine.

Dei nye planane peikar på aktuelle tiltak, som blir konkretiserte i årleg oppdaterte investeringsplanar og utlysingar. Investeringsplanane for 2025-2027 er nyleg publiserte på Forskingsrådets nettsider og gir viktig informasjon til søkjarane.

Forsking raskare i bruk

Mange av porteføljane er retta inn mot å møte dei store samfunnsutfordringane, som til dømes press på naturmangfald og behovet for eit berekraftig velferdssamfunn. Ikkje minst er samfunnstryggleik og beredskap høgst aktuelt, både nasjonalt og globalt.

Porteføljeplanane understrekar at det er viktig at forsking blir formidla på ein forståeleg måte til dei som skal ta kunnskapen i bruk. Samtidig må vi sikre at relevante miljø og sektorar har kompetansen som trengst for å ta kunnskapen i bruk på best mogleg måte.

Felles utfordringar

Komplekse problemstillingar, samansette samfunnsutfordringar, raske endringar og knappe ressursar gjer det viktig med god samordning mellom porteføljane. Dei nye porteføljeplanane legg godt til rette for dette.

Porteføljestyra har også ansvar for å gi råd om vidareutvikling av innsatsen innanfor ansvarsområda sine. For å kunne gi gode råd må porteføljestyra sjå heilskapen i både nasjonal og internasjonal forsking, og dessutan vurdere korleis kvart enkelt porteføljestyre kan bidra i samspel med dei andre porteføljestyra.

 

 

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31. mars 2025, kl. 15.20 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.