No startar samfunnsoppdraget om berekraftig fôr
Samfunnsoppdraget om berekraftig for til husdyr og fisk går no over i ein ny fase. Måla er sette og ei styringsgruppe og eit sekretariat er på plass.
Forskingsrådet er vertskap for sekretariatet og arbeidet er no i gang. Sekretariatet har ansvar for drift og utvikling av samfunnsoppdraget. Det inneberer å koordinere arbeidet i styringsgruppa, ekspertgrupper og å vidareutvikle samarbeidet mellom fagetatar og virkemiddelapparatet.
– Det viktigaste med samfunnsoppdraget blir å involvere alle relevante aktørar og det gler vi oss til å komme i gang med, seier Kjell Emil Naas som leiar sekretariatet.
Første møte i styringsgruppa
Styringsgruppa hadde sitt første møte 6. november 2024. Noko av det første som må på plass er å få definert kva berekraftig fôr er. I rapporten om forslag til mål og organisering, som kom hausten 2023, er det ein eigen delrapport om berekraft. Dette skal ein no jobbe vidare med, først i styringsgruppa der dei skal setje ned ei ekspertgruppe som skal komme med forslag.
– Fôr er meir enn berre fôr. Berekraftig fôr er eit viktig grunnlag for å tryggje framtidig verdiskaping i norsk havbruk og jordbruk. Her er det viktig med ei best mogleg forankring i det nasjonale ressursgrunnlaget vårt. Men for å nå måla i samfunnsoppdraget, er det grunnleggjande at vi forstår og er samde om kva berekraftig fôr er og skal vere, seier styreleiar Nils Vagstad.
Årleg møteplass
Ei av oppgåvene vi gler oss til å gjennomføre, er ein årleg konferanse. Samskaping og involvering er sentralt i alle samfunnsoppdrag, Vi gler oss derfor til å møte alle aktørane slik at vi saman får diskutert vegen vidare.
Det ligg an til at første konferanse blir i mars 2025.
– Allereie 11. desember 2024 ønskjer vi å invitere til eit informasjonswebinar om samfunnsoppdraget. Der vil vi fortelje litt om status no, kva som blir dei første viktigaste oppgåvene å gå i gang med og kva som er spesielt med eit samfunnsoppdrag, avsluttar Vagstad.
Her kan du melde deg på informasjonswebinaret: Oppstartswebinar: Samfunnsoppdrag om berekraftig fôr
Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. desember 2024, kl. 18.24 CET