Spør KI-samtaleroboten vår

Senter for forskingsdriven innovasjon: 30 av 96 søknader kvalifiserte

Det er stor konkurranse om å bli kvalifisert til andre runde av Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI). Av 96 søknader gjekk 30 vidare. Desse sentera skal bidra til innovasjon og verdiskaping i næringslivet gjennom forsking over åtte år.

I 2024 lyste vi ut midlar til åtte nye SFI-ar som skal starte opp seint hausten 2025. Utlysingsprosessen for SFI er denne gongen delt i to trinn. Det første trinnet til utlysinga med søknadsfrist 18. september 2024, hadde som formål å kvalifisere inntil 30 søknader til trinn 2 av utlysinga. 

Sjå resultata frå trinn 1 i utlysinga Senter for forskningsdrevet innovasjon – SFI V – trinn 1.

Interessa for utlysinga av SFI er stor, og vi mottok  96 søknader. Bak kvar søknad står store konsortium av forskingsorganisasjonar og partnarar frå næringsliv og i mange tilfelle også frå offentleg sektor.

– Søknadene viser at utlysinga har mobilisert breitt i det forskingsintensive næringslivet og offentleg sektor saman med forskingspartnarar frå heile Noreg. Det er ei imponerande mengd spennande forskingsplanar med store og spennande moglegheiter for framtidige innovasjonar og verdiskaping som har vorte presentert i søknadene, seier områdedirektør for innovasjon i næringsliv og offentleg sektor, Anne Kjersti Fahlvik.

Porteføljestyret for innovasjon vedtok dei 30 søknadene som er kvalifiserte til trinn 2. Søkjarane bak desse blir no inviterte til å sende inn søknad til fristen 4. juni 2025. Dei får dermed høve til å konkurrere om ei løyving per senter på inntil 96 millionar kroner over åtte år.

Dei 30 søknadene omfattar partnarar frå 35 forskingsorganisasjonar over heile landet og kvart konsortium har med seg frå fire til 22 bedrifter kvar. 19 av søknadene har også med partnarar frå offentleg sektor i konsortiet sitt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 16.48 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.