Ønskjer meir forsking i næringslivet
Regjeringa har lagt fram strategien sin for å auke investeringane næringslivet har i forsking og utvikling. Forskingsrådet ser fram til oppfølginga med å setje strategien ut i livet.
I strategien stadfestar regjeringa at mykje av det som blir gjort i dag fungerer bra og kan forsterkast og vidareutviklast ytterlegare. Strategien vektlegg særleg kompetansebehova framover, effektive verkemiddel for samspel og spreiing, og å ta kunnskap i bruk gjennom offentlege anskaffing og kommersialisering frå forsking.
– I åra som kjem skal Noreg gjennom ein viktig, vanskeleg og moglegheitsskapande omstillingsprosess. Vi skal ta steget over i ei grøn og digitalisert framtid, der vi må sikre verdiskaping, halvere klimagassutsleppa og jobbe for betre inkludering. Innsatsen til næringslivet på forsking og utvikling er avgjerande for å klare overgangen til eit berekraftig samfunn, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Norsk næringsliv har dei siste åra auka innsatsen sin på forsking og utvikling for å møte nye behov og krav i marknadene dei opererer. Mange bedrifter ser på kunnskap som avgjerande for å lykkast i den grøne og digitale omstillinga vi er midt inne i.
– Vi må leggje endå betre til rette for at bedriftene skal styrkje konkurransekrafta si og kunne tilby ettertrakte produkt og tenester også i framtida, seier Sundli Tveit. – Det er positivt at strategien held fram den store betydninga forskingsinstitusjonane har for innovasjon og næringsutvikling, og at regjeringa vil styrkje Forskingsrådets grep for å bidra til dette.
Forskingsrådet har eit breitt tilbod til næringslivet. I 2023 fekk Forskingsrådet løyvingar frå 15 departement. Om lag ein firedel av offentlege FoU-midlar blir kanalisert gjennom oss. Næringslivet får 19 prosent av desse midlane i direkte støtte. I tillegg deltek næringslivet i ei rekkje samarbeidprosjekter med instituttsektoren og akademia med støtte frå ei rekkje ulike typar verkemiddel.
– Det er viktig å følgje opp strategien med konkrete tiltak som gir bedriftene både insentiv og rammevilkår som legg til rette for å utvikle nye produkt, tenester og prosessar som møter behovet i framtida. Vi ser fram til vidare samarbeid med departementa om utvikling av nye tiltak som sikrar konkurranseevna til norsk næringsliv, seier Sundli Tveit.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 06.13 CET