Spør KI-samtaleroboten vår

Nytt forenkla søknadssystem for SkatteFUNN

Forskingsrådet har teke i bruk nytt søknadssystem for SkatteFUNN. Alle som no søkjer SkatteFUNN vil bruke det nye systemet. Dei som allereie har søkt i år, brukar det gamle systemet ut året.

Vi tek no i bruk eit meir effektivt og brukarvennleg søknadssystem. I første omgang vil løysinga bli brukt på SkatteFUNN. Innan to år er det planlagt at alle søknader til Forskingsrådet blir sende inn gjennom dette systemet. Det nye søknadssystemet gir auka fleksibilitet og baserer seg meir på automatisering.

Søknadskjemaet er ein førsteversjon som skal utviklast vidare og forbetrast saman med dykk som søkjer SkatteFUNN. Viss de har tilbakemeldingar til søknadsskjemaet, Min side eller prosessen rundt dette – gi oss beskjed! Bruk e-postadressa skattefunn@forskningsradet.no.  

Dei viktigaste endringane i det nye søknadssystemet er: 

  • Enklare og tryggare to trinn-pålogging gjennom ID-porten. Første gongen du loggar deg inn vil du bli beden om å stadfeste e-post og mobilnummer. 
  • Alle personar som får namnet sitt lagt inn i søknadsskjemaet med namn og e-post blir varsla om at dei er lagde inn i skjemaet. Vi gjer dette for å følgje personopplysningslova og EUs personvernforordning GDPR. 
  • Ny og enklare måte å setje opp budsjettet for prosjektet. Du vil bli beden om å leggje inn følgjande: 
    • beskriving av FoU-utfordringa og metoden som blir brukt  
    • kva aktivitetar de skal gjere  
    • budsjett  
    • statsstøttekategori  
  • Saksbehandlar kan be om meir informasjon når han eller ho vurderer søknaden.  
    I SkatteFUNN-ordninga vurderer saksbehandlarar i Forskingsrådet om prosjektet er eit FoU-prosjekt. Saksbehandlar kan be søkjar om å presisere eller utdjupe eitt eller fleire av svara i søknadsskjemaet. Du vil få e-post der vi ber deg logge på Min side dersom vi treng meir informasjon. 

For dei som har SkatteFUNN-prosjektet i nytt og gammalt system, har vi laga ei nettside for innlogging som gjere det enklare å velje kva system du skal logge inn på. Du får valmoglegheita når du loggar på Min side fram til tidleg 2025, då treng SkatteFUNN-brukarar berre å logge på Min side for å jobbe med SkatteFUNN-prosjekta og -søknadane sine.   

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 06.50 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.