Fører vidare norsk-britisk forskingssamarbeid
Avtalen om forenkla forskingssamarbeid mellom Noreg og Storbritannia har vorte underteikna for to nye år. Det betyr blant anna enklare tilgang til eksterne midlar for norske og britiske forskarar som samarbeider.
Avtalen mellom forskingsråda i Noreg og Storbritannia vart første gong inngått i 2022 og har vist seg svært verdifull for å støtte forskingssamarbeid mellom forskarar frå begge land.
UK Research and Innovation (UKRI) og Noregs forskingsråd har derfor fornya avtalen for to år til. Dermed kan norske og britiske forskarar som samarbeider, enkelt søkje om midlar frå begge lands forskingsråd.
UKRIs administrerande direktør Dame Ottoline Leyser og Forskingsrådets administrerande direktør Mari Sundli Tveit, har forlengt avtalen med 2 år til med iverksetjing frå og med 5. oktober 2024.
Forenklar søknadsprosessen
– Storbritannia er et av landa norske forskarar samarbeider mest med. Avtalen med UKRI er eit viktig bidrag til eit vedhaldande sterkt forskingssamarbeid mellom Noreg og Storbritannia i tida framover, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.
Avtalen inngår i ordninga med Money Follows Cooperation, som gjer at norske og britiske forskarar kan søkje på kvarandres nasjonale utlysingar. Prosessen med å finansiere samarbeidsprosjekt blir kraftig forenkla ved at samarbeid blir finansiert gjennom eit enkelt tilskot tildelt anten av UKRI eller Forskingsrådet, i staden for separate nasjonale tilskot.
Utlysingar i fem tematiske UKRI-forskingsråd
Forskarar i Storbritannia kan få finansiering gjennom å delta i Forskingsrådets utlysingar som internasjonale medforskarar. På tilsvarande måte kan norske forskarar delta i utlysingar lanserte av eit av dei følgjande tematiske forskingsråda under UKRI:
- Engineering and Physical Sciences Research Council (EPSRC)
- Natural Environment Research Council (NERC)
- Medical Research Council (MRC)
- Arts and Humanities Research Council eller Economic and Social Research Council (AHRC)
- Economic and Social Research Council (ESRC)
Meir informasjon om avtalen blir publisert på UKRIs nettside Funding Finder, og på Forskingsrådets nettside Korleis verkar Money Follows Cooperation?
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 06.08 CET