Spør KI-samtaleroboten vår

Bli med i nye internasjonale forskarnettverk som springbrett til Horisont Europa

Norske forskarar og bedrifter kan no søkje om å bli med i 60 nye COST-nettverk som startar opp i 2024. Forskingsrådet erfarer at deltakarane i desse nettverka har auka sjansar for å lykkast i EUs Horisont Europa, det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda.

Nettverka, i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST), er internasjonale nettverk mellom forskarar og dekkjer alle fag, disiplinar og sektorar.  

Deltakarane bringar inn si eiga forsking i nettverket og COST gir støtte til møte, seminar og konferansar i nettverket, sommarskular og korte forskingsopphald.  COST finansierer ikkje forsking.  

Høg norsk interesse

Det er høg interesse her i Noreg for å delta i nettverka, og norske aktørar deltek i nærare 90 prosent av dei rundt 300 aktive nettverka. Ifølgje ein survey frå Forskingsrådet er kvar tredje norske deltakar med i ein Horisont-søknad eller planlegg ein søknad saman med andre deltakarar frå nettverket.

Kan opne mange dører

Fleire norske deltakarar Forskingsrådet har vore i kontakt, med meiner det er verdifullt å delta i COST-nettverk for å danne konsortium til Horisont Europa-søknader.

Den erfarne forskaren og kjemikaren Mats Tilset har positive erfaringar frå fleire COST-nettverk.  
 
- Gode nettverk fører ofte til samarbeid om større prosjektsøknader. Det er ikkje uvanleg at ein får høve til å bli med i eit konsortium for å søkje Horisont-midlar. Mange nyttar COST-nettverk til å skaffe seg oversikt over og kontaktar innanfor forskingsfelt dei vurderer å starte nye aktivitetar i.  Det er ikkje nødvendig å delta i COST for å bli dyktig - men det hjelper, fastslår Tilset.

Særleg forskarar tidleg i karrieren kan ha nytte av å delta i COST-nettverk.  

- Det er ein god inngang til internasjonalt samarbeid og eit høve til å utvikle eit personleg fagleg nettverk som kan opne mange dører, seier Trude Dypvik, spesialrådgivar i Forskingsrådet.

Ta kontakt viss du vil delta

Du finn oversikt over dei nye nettverka på nettstaden til COST. Ta kontakt med oss i Forskingsrådet så snart som mogleg og før 10. juni for å bli med. Send ein e-post til:  COST-CNC@forskningsradet.no

Forskingsrådet vil be dei som er interesserte i delta om å sende ein kort søknad etter ein nærare angitt mal saman med CV-en sin. Dette gjeld også dei som har vore "secondary proposars" i søknadsprosessen.

Positive erfaringar frå norske deltakarar i COST-nettverk

Forskingsrådet gjennomførte tidligare i år ei spørjeundersøking til norske deltakarar i nettverk som vart avslutta i 2022 og 2023. Her er nokre utdrag frå responsen:

  • 31 prosent deltek i EU-prosjekt, i ein søknad eller planlegg ein søknad til Horisont Europa, saman med andre deltakarar frå nettverket.
  • 20 prosent seier deltakinga i nettverket har vore heilt avgjerande for å komme inn i gode konsortium med tanke på deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
  • Meir enn 60 prosent har publisert saman med andre deltakarar i nettverket.
  • Nærare 80 prosent seier at heilt klart vil tilrå andre å delta i eit COST-nettverk.

Frist for å søkje om å opprette nye nettverk 23. oktober

Utlysinga for å søkje om å opprette nye COST-nettverk er no open og søknadsfristen er 23. oktober 2024. Meir informasjon her: Open Call: A Simple One-Step Application Process  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 06.15 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.