43 millionar til 6 prosjekt som skal forske på forskings- og innovasjonssystemet
Seks prosjekt får midlar frå Forskingsrådet for å forske på forskings- og innovasjonssystemet. Prosjekta skal bidra til betre kunnskapsgrunnlag for utvikling av forskings- og innovasjonspolitikken.
Prosjekta skal forske på korleis det skal leggjast best mogleg til rette for at kunnskap blir teken i bruk og på samspel mellom forsking og brukarar. Forskarane skal også forske på korleis forskings- og innovasjonssystemet kan bidra best mogleg til ei berekraftig omstilling av samfunnet.
Cathrine Egeland og kollegaer frå Arbeidsforskningsinstituttet ved OsloMet skal forske på korleis ansvarleg internasjonalisering i den norske forskingssektoren kan utøvast i ein i ei tid med geopilitisk uvisse. I arbeidet skal ho samarbeide med KIF-komiteen, LO, UTSYN - senter for tryggleik og totalforsvar og advokatfirmaet Helmer.
Halvor Johannes Dannevig, frå Stiftinga Vestlandsforskning, skal undersøkje i kva grad og korleis samskaping bidreg til omstilling i det norske klima- og energiforskingssystemet. Samarbeidspartnarar i prosjektet er Vestland og Nordland fylkeskommune, miljøorganisasjonen Sabima, KS og Miljødirektoratet.
Vivian Anette Lagesen, frå NTNU HF, skal kartleggje og analysere involveringa til brukarpartnarane og engasjement i forsking. Målet er mellom anna å gi ei betre forståing av samspelet mellom forsking, samfunn og næringsliv og korleis forsking kan bidra til å løyse store samfunnsutfordringar. Ho skal samarbeide med Trondheim kommune, Trøndelag fylkeskommune og teknologiselskapet Kantega AS.
Dei andre prosjekta som får midlar skal forske på forskingsvurderingsreformer i det norske forskingssystemet, korleis «impact», eller effektar, oppstår i forsking der forskarar og brukarar samarbeider og korleis ein kan byggje og forsterke transformativ kapasitet blant nøkkelaktørar i innovasjonsdistrikt.
Følgjande seks nye prosjekt fekk støtte, med totalt 43 millionar kroner:
Prosjekttittel |
Prosjektansvarlig |
Tildelt beløp |
Knowledge co-production for climate change transformation: Panacea or placebo? |
STIFTINGA VESTLANDSFORSKING |
7 600 000 |
Organising impact |
TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur |
7 600 000 |
Responsible Internationalization, Inclusion, and National Security in Norwegian Research Organizations in a Changing Geopolitical Landscape |
Arbeidsforskningsinstituttet AFI – OsloMet - Oslo Metropolitan University |
7 590 500 |
INNOSPACE: Transformative capacities for place-based innovation in Norwegian Innovation Districts |
By- og regionforskningsinstituttet NIBR |
7 600 000 |
New ways of evaluating research and researchers. CoARA in the Norwegian research system. |
NIFU |
7 596 200 |
Making research useful. Aligning social challenges, researchers’ translation efforts, and users’ transdisciplinary problem-solving |
NTNU DET HUMANISTISKE FAKULTET |
4 984 650 |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 12. desember 2024, kl. 02.31 CET