Spør KI-samtaleroboten vår

8 millionar euro til forsking for berekraft i praksis

12 internasjonale forskingsprosjekt får finansiering frå Global Research Council for å utvikle løysingar som bidreg til at verda når berekraftsmåla. Norske forskarar er med i fem av prosjekta. 

– Dette er første gong Global Research Council (GRC) har ei felles utlysing der vi støttar prosjekt som skal utvikle løysingar på felles utfordringar vi alle står overfor. Prosjekta skal utvikle konkrete, berekraftige og grøne produkt, tenester og prosessar, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet. 

I dei 12 prosjekta samarbeider forskarar frå minst tre land, oftast fleire. Saman skal forskarane, i samarbeid med næringsliv, styresmakter og sivilsamfunn, utvikle eller forbetre verktøy som kan bidra til at berekraftsmåla blir nådde. Forskingsrådet er med på å finansiere prosjekta.  

Prosjekta med norske partnarar:   

  • Norske partnarar frå OsloMet er med i eit prosjekt der forskarane skal bruke stordata for å forstå meir om livskvalitet til sårbare grupper i byar. Denne typen kunnskap er avgjerande for å leggje til rette for ei rettferdig byutvikling. Meir enn halvparten av jordas befolkning bur i byar og andelen stig kraftig. Derfor er det store behov for å finne ut korleis byar og urbanisering kan bidra til å redusere sosial ulikskap og sikre berekraft.   
  • I eit anna prosjekt skal forskarar, mellom anna ved Universitetet i Bergen, undersøkje korleis småfisk kan bidra til å sikre FNs berekraftsmål om ingen svolt, god helse og livskvalitet og livet i havet. Å ete småfisk er langt meir berekraftig enn å ete større fiskeartar og er minst like næringsrikt. Småfisk er likevel ikkje tilstrekkeleg anerkjend som del av global mattryggleik og er ofte fråverande i strategiar for å sikre eit næringsrikt kosthald.   
  • Eit tredje prosjekt, der forskarar frå mellom anna NMBU deltek, handlar om korleis ein kan sikre vatn og forvaltninga av vassystem innanfor landbruks-, fiskeri- og skogbruksnæringa. Prosjektet skal utvikle kunnskap som skal leggje til rette for auka entreprenørskap og ein meir sirkulær økonomi. Bedrifta Biomar er også partnar i prosjektet.    
  • I prosjektet E-VIBES skal forskarar ved SINTEF, saman med mellom anna eit gruveselskap i Chile, utvikle eit instrument som klarer å samle energi frå jordas vibrasjonar. Vibrasjonar i jorda blir registrerte dagleg, anten dei er naturlege eller kjem av menneskeleg aktivitet frå til dømes gruvedrift. I prosjektet ønskjer forskarane å utvikle system som konverterer mekanisk energi frå vibrasjonar til elektrisk energi. Instrumentet skal testast ut i byen Camarones i Chile, ein by med mykje fattigdom. Energien skal brukast til lys i skular og til ladepunkt. Dette skal bidra til å oppnå FNs berekraftsmål om mellom anna rein energi for alle og berekraftige byar og samfunn.     
  • Forskarar ved NILU deltek saman med partnarar Sveits, Kina og Chile i eit prosjekt som ønskjer å takle luftforureining, ein stor helsefare i urbane miljø. Prosjektet vil bruke avanserte sensornettverk og modelleringsteknikkar for å kartleggje og analysere luftkvalitet i tre byar i Chile og Kina. Dataa vil vere viktige for å rettleie innbyggjarar til å minimere eksponeringa for skadelege forureiningar, og dermed forbetre helse og velvære i urbane område.   

Global Research Council (GRC)

Forskingsrådet bidreg med 20 millionar kroner til utlysinga. Midlane skal delast ut til prosjekt som har norske forskingsorganisasjonar som prosjekteigarar. Prosjekta må vere organiserte som konsortium med partnarar frå minst tre, og maksimalt seks, ulike land som er med i utlysinga. Det sørafrikanske forskingsrådet National Research Foundation (NRF) har vore sekretariat for utlysinga og gjennomført søknadsbehandlinga.   

Det årlege møtet i GRC går føre seg i Interlaken i Sveits 28.–30. mai  

GRC er ein virtuell organisasjon, som består av leiarane for forskingsråd frå heile verda, dedikert til å fremje deling av data og beste praksis for samarbeid av høg kvalitet.  

Administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit, som også er styremedlem i GRC, deltek på det årlege møtet i Interlaken i Sveits. Årets tema er berekraft og forsking.  

Kvart år kjem GRC med eit såkalla Statement of Principles. I år legg GRC vekt på tre perspektiv. Først blir behovet omtalt for auka vekt på forsking for berekraftig utvikling, deretter korleis forskinga sjølv må bli berekraftig og til slutt korleis forskingssystemet må fungere for at den forskinga som blir utført skal føre til endringar i samfunnet.  

GRCs årlege møte har også sidearrangement. Eitt av dei handlar om effektivt multilateralt samarbeid, noko utlysinga over bidreg til. Eit anna sidearrangement handlar om utviklinga i forskingsevaluering. Sundli Tveit vil også ha fleire bilaterale møte med andre land, både i kraft av rolla si som president i Science Europe og som leiar av Forskingsrådet.  

Den verdsomspennande veksten av offentleg støtte til forsking har gitt moglegheit for store og små land til å jobbe saman på tvers av landegrensene. Samarbeid kan forbetre kvaliteten på vitskapen, unngå unødvendig duplisering, gi stordriftsfordelar og løyse problem som berre kan løysast ved å samarbeide. Forskingsfinansiørane har eit ansvar for desse måla på vegner av forskingsmiljøa.  

Måla med GRC er å  

  1. forbetre kommunikasjon og samarbeid mellom finansieringsråd  
  2. fremje beste praksis for forskingsfinansiering og samarbeid av høg kvalitet  
  3. vere eit forum for regelmessige møte mellom forskingsrådsleiarar  
  4. svare på moglegheiter og å ta opp spørsmål av felles interesse til støtte for forsking og utdanning  
  5. vere ein ressurs for dei institusjonane som ønskjer å byggje eit forskingslandskap i verdsklasse  
  6. utforske mekanismar som støttar det globale forskingssystemet  

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 18.17 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.