130 millionar kroner til forsking for å inkludere barn og unge
Regjeringa jobbar breitt for at alle skal vere med og forhindre at barn og unge fell utanfor. Fire forskingsprosjekt og tre nye senter får no midlar som skal bidra til betre oppfølging av utsette barn og unge.
Når barn og unge blir ståande utanfor utdanning, arbeid eller andre sentrale samfunnsarenaer, får det alvorlege konsekvensar for dei unge sjølv og for samfunnet. Oslo Economics har berekna at den årlege samfunnsøkonomiske kostnaden ved tidleg marginalisering og utanforskap er 73 milliardar kroner i året.
– Utanforskap er ei stor samfunnsutfordring som ofte startar i barne- og ungdomsåra. Dette er eit prioritert område for regjeringa. Forsking er avgjerande for å finne gode løysingar, og eg ser fram til å følgje prosjekta og sjå at kunnskapen blir teken i bruk for å hindre utanforskap blant barn og unge, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.
Barnevern
Dei fire forskingsprosjekta som får støtte skal bidra til å forbetre samarbeidet mellom ulike tenester og sektorar, slik at utsette barn og unge får betre hjelp og oppfølging.
OsloMet får ti millionar kroner til eit samarbeidsprosjekt med Sarpsborg kommune og Landsforeningen for barnevernsbarn. Målet er mellom anna å forbetre samarbeidet mellom tenester og etatar som hjelper sårbare barn og unge og å utvikle betre tenester for mindreårige flyktningar, barn som kan bli utsett for vald og barn under omsorga til barnevernet.
– Utsette barn og unge krev heilskapleg tilnærming frå mange, også frå forskingsmiljøa. Desse forskingsprosjekta vil vere ei god oppfølging av det målretta samfunnsoppdraget for utsette barn og unge, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.
Desse prosjekta får støtte:
Institusjon |
Prosjekt |
Innstilt beløp |
Kommune |
Oslomet – storbyuniversitetet |
Doing cooperation: a co-study with Landsforeningen for barnevernsbarn and Sarpsborg to enhance support for vulnerable children and youth |
10 mill. kr |
Oslo |
Institutt for samfunnsforsking |
Voluntary Initiatives and Nonprofit-Public Sector Collaboration for the Inclusion of Children and Youth in Norway |
10 mill. kr |
Oslo |
Nasjonalt kunnskapssenter for vold og traumatisk stress |
Improving care for traumatized children by building competency and collaboration of first- and second line services with stepped care models |
10 mill. kr |
Oslo |
Nordlandsforsking |
Onboarding transitional housing as a center for collaboration in the mission of young inclusion (HOUSYOUNG) |
10 mill. kr |
Bodø |
Psykisk helse
Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress (NKVTS) er eitt av prosjekta som får støtte. Prosjektet får ti millionar kroner til å forske på korleis traume i barndommen ikkje skal få negative følgjeeffektar som psykiske problem, skolevegring og arbeidsløyse. Prosjektet skal teste ein modell som sikrar at barn med traume raskt får behandling og at helsetenestene er godt koordinerte til å vareta behovet til barnet. Modellen har allereie vore utprøvd i USA og skal no testast ut i 30 kommunar i Noreg.
– Vi skal ruste barna og ungane våre for kvardagane som kjem og sørgje for at dei får hjelp også når livet blir vanskeleg. Å styrkje forskingsinnsatsen retta mot utsette barn og unge vil gi oss tverrfagleg kunnskap som kan bidra til eit betre koordinert helsetilbod, auka førebygging og meir kompetanse hos dei tilsette. Det er viktig at den felles helsetenesta vår blir sett i stand til å fremje endå meir livskvalitet og gi heilskaplege tenester for utsette barn og unge, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap).
Sterkare fagleg kompetanse
Gjennom støtte til tre forskingsmiljø, skal vi bidra til auka kunnskap og kompetanse om utsette barn og unge i profesjonane som møter barn og unge kvar dag. Dette er mellom anna lærarar, barnehagetilsette, sosionomar, barnevernspedagogar og vernepleiarar.
– For å hjelpe utsette barn og unge på ein best mogleg måte, treng vi oppdatert kunnskap og forsking som er tett på samfunnsutfordringane barn og unge møter. Gjennom denne satsinga, får vi meir forskingsbaserte utdanningar og eit betre tilbod til dei som treng det mest, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
VID vitskapelege høgskole skal etablere eit senter som skal utvikle kunnskap innanfor ulike fagområde. Dette vil bidra til betre praksis for barn og unge som er i kontakt med ulike institusjonar. Ofte har desse barna komplekse behov, og derfor er samarbeid mellom ulike yrkesgrupper avgjerande. Senteret vil spesielt fokusere på tverrinstitusjonelle erfaringar innanfor yrke som sosialt arbeid, barnevern, sosialpedagogikk, sjukepleie, kriminalomsorg og arkitektur.
Desse forskingssentera får støtte:
VID vitenskapelige høgskole |
Centre for Research on Children and Young Peoples' Vulnerable Institutional Pathways |
30 mill. kr |
Oslo |
UIT Noregs arktiske universitet |
ARCTIC Research Centre for Children and Youth at Risk |
29,97 mill. kr |
Tromsø |
Nord universitet |
The Centre for Children & Youth, Vulnerability, and Social Preparedness |
30 mill. kr |
Bødø |
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 16.47 CET