120 millionar kroner til norsk fagspråk
Regjeringa satsar på det norske fagspråket, og lyser no ut pengar til ei stor sentersatsing for norsk språkvitskap.
Dei siste åra har stadig meir av undervisninga og forskinga ved universitet og høgskular vore på engelsk. Regjeringa vil at norsk skal halde fram med å vere eit fullverdig og samfunnsberande språk, og la i fjor fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.
– Dei siste tiåra har norsk fagspråk mista fotfestet i forsking og høgare utdanning. Taper vi vårt eige fagspråk, mister vi noko av det viktigaste vi har i Noreg: eit felles, fullverdig språk som kan brukast til alt. No styrker vi kunnskapsberedskapen vår gjennom ei langsiktig satsing på norsk språkforsking, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel.
Vil styrke fagmiljøa innan norsk språkforsking
Denne veka lyser Forskingsrådet ut inntil 120 millionar kroner til ei satsing på senter for norsk språkforsking. Utlysinga rettar seg mot norske fag- og forskingsmiljø innanfor språkvitskapen.
– For eit levande norsk fagspråk treng vi solid forskingsbasert kunnskap om språket vårt. Det sikrar vi no. Forskingsmiljøa på området har blitt bygd ned over tid, så no trengs det ei særskilt satsing på desse fagfelta. Eg håper mange ulike fagmiljøa finn saman, slik at vi kan sikre eit levande norsk fagspråk for framtida, seier Hoel.
Rapportar frå sektoren tyder på at fagmiljøa i dag er små og spreidde. Målet med satsinga er å styrke kunnskapsgrunnlaget og rekrutteringa til mellom anna terminologi, leksikografi, namnegransking og språkteknologi.
– Satsinga skal vere med på å styrke og konsolidere relevante fagmiljø, fremje samarbeid og vareta behovet i samfunnet for fagkompetanse på lang sikt. Det kan vere aktuelt for fleire fagmiljø å samarbeide om å utarbeide ein felles søknad. Det er ingen føresetnad at desse fagmiljøa er geografisk samlokaliserte, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.
Søknadsfristen blir 18. september 2024 og tildelingane vil skje tidleg i 2025.
- Les meir i utlysinga Senter for norsk som fagspråk (forskningsradet.no)
- Rundt 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar er no på engelsk. I naturvitskap og teknologi blir det knapt publisert norskspråkleg forsking i det heile.
- Både innanfor samfunnsvitskap og humaniora går delen publisert forsking på norsk stadig nedover, og er no under 30 prosent.
- På om lag eit tiår er engelskmengda i undervisninga nesten dobla. Snart blir annakvar masteroppgåve skriven på engelsk.
- Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet lanserte derfor ein handlingsplan for norsk fagspråk sommaren 2023.
I forslaget til forskrift om undervisnings- og forskingsstillingar og rekrutteringsstillingar, som no er på høyring, er målet klarare regler for norskkompetanse og styrke norskopplæringa for undervisarar i høgare utdanning. Dei foreslåtte reglane skal sikre at norske studentar får god undervisning på norsk og den kompetansen i norsk fagspråk som dei treng. Høyringsfristen er 19. april.
Det er lagt inn krav om:
- å beherske norsk på minimum nivå B2 for å bli tilkjend kompetanse i undervisnings- og forskingsstillingane regulerte av forskrifta.
- Stipendiatar og postdoktorar skal ved behov få tilbod om, og gjennomføre norskopplæring tilsvarande 15 studiepoeng. Dette er nye krav, og er ein oppfølging av Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia.
Regjeringa sin litteraturpolitikk bidreg òg til å styrke det norske fagspråket. I år tok den nye boklova til å gjelde. I arbeidet med lova var det viktig for regjeringa at lærebøker for høgare utdanning og fagbøker for profesjonsmarknaden skulle omfattast. Fagbøker på norsk er viktig både for læringa til studentane og for befolkninga sin tilgang til kunnskap.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 04.26 CET