Spør KI-samtaleroboten vår

102 millionar til doktorgradsprosjekt i næringslivet

Forskingsrådet gir støtte til 49 doktorgrader i norske bedrifter. Målet er å auke konkurransekrafta, kompetansen og kapasiteten i norsk næringsliv. Svært mange av prosjekta handlar om utvikling av kunstig intelligens. Andre handlar om kartlegging av sårbar natur i arktiske område og rehabiliteringstiltak i spesialisthelsetenesta.

Sjå liste over kven som får pengar nedst i saka. 

– Noreg treng eit næringsliv som forskar meir. Derfor bruker vi pengar på at fleire kan ta doktorgrad i bedrifta dei er tilsett i. Det gir bedriftene eit konkurransefortrinn og bidreg til nye løysingar og nye arbeidsplassar. No set vi KI-milliarden ut i livet, og finansierer ei rekke doktorgradsløp som skal utvikle konkrete løysingar for bruk av kunstig intelligens i næringslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel. 

Han får støtte frå næringsminister Cecilie Myrseth, som legg til:  

– Denne ordninga er svært viktig for å stimulere til meir forsking og utvikling i næringslivet, og den legg til rette for akua samarbeid mellom bedrifter og forskingsmiljø. Dette er vesentleg for å styrke kompetansen og omstillingsevna i næringslivet.

Banebrytande forsking 

Blant annet får DNB Bank ASA støtte til eit prosjekt der dei skal bruke kunstig intelligens til å utvikle maskiner som kan gi betre og meir treffsikker rådgiving til privatkundar. Her skal ein utvikle og trene maskiner med utgangspunkt at vi lever i ein tillitskultur, og med eit ønske om å styrkje kulturen i utviklinga av maskinene. Maskinene skal kunne sjå, lytte og snakke og skal styrkje tilliten til banken og samfunnet ved å kunne gi betre råd enn menneske kan gjere.  

Sallir Natur AS får støtte til eit prosjekt om naturvariasjonar i arktiske område, med søkelys på vegetasjon i høgfjellet. Prosjektet skal gi kunnskap som vil forbetre moglegheitene til å kartleggje og bevare sårbare naturtypar i nordområda. Ved å utvikle meir presise kartleggingsmetodar og bidra til betre klassifisering av naturtypane, kan forskinga hjelpe til med å planleggje berekraftig forvaltning og utvikling i desse områda. Resultata kan vere nyttige for både styresmakter og næringslivet, særleg innanfor naturforvaltning, miljøvern og klimaforsking.  

Eigedomsverdi AS utviklar kunnskap om bustadmarknaden og får støtte til eit prosjekt om maskinlæring for å forbetre bustadprisprediksjonar og bustadprisindeksar. Prosjektet har som mål å vidareutvikle den automatiske verdivurderingsmodellen til selskapet. Med dette prosjektet tek dei sikte på å forbetre dagens modellar for bustadprisestimering, noko som kan gi større innsikt i marknadstrendar og prisutvikling over tid. Betre og meir presise prediksjonar kan gi bankar, eigedomsmeklarar og forsikringsselskap eit verdifullt verktøy for risikostyring og for å ta betre avgjerder om investering. 

Utviklar tilboda våre til næringslivet  

– For Forskingsrådet er det viktig å lytte til behovet til næringslivet og at tilboda våre svarer på behova deira. Vi har fått tydelege tilbakemeldingar frå næringslivet om at støtte til doktorgradsprosjekt i næringslivet aukar konkurransekrafta, kompetansen og kapasiteten i bedriftene. I tillegg aukar dei samarbeidet med akademia. Vi er veldig glade for at vi nå kan tildele fleire nærings-ph.d.-ar enn før, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit. 

Desse prosjekta blir finansierte  

Prosjekt 

Bedrift 

Fylke 

Kommune 

Developing a Sustainable Business Model for Zero-Emission High-Quality Carbon Production in Norway 

HTTECH AS 

Agder 

ARENDAL 

Conceptual cyber-physical framework for federated situational awareness and decision support. 

KONGSBERG DEFENCE & AEROSPACE AS 

Buskerud 

KONGSBERG 

Exploring the Role of Cultural Translation in Multicultural Communication in the Norwegian Context 

NORGES MULTIKULTURELLE SENTER AS 

Agder 

KVINESDAL 

Full-duplex UWB RF front-ends for radar and ranging applications 

NOVELDA AS 

Oslo 

OSLO 

Elektromagnetisk modellering av høyspente kraftkabler 

NEXANS NORWAY AS 

Oslo 

OSLO 

Trening med høy intensitet som rehabiliteringstiltak for pasientgrupper i spesialisthelsetjenesten 

TRENINGSKLINIKKEN AS 

Trøndelag 

TRONDHEIM 

Coordinated control of industrial processes and power systems for enhanced flexibility and resiliency of operation 

ABB AS 

Akershus 

LYSAKER 

AI-støttet produksjonsflyt for datadrevet journalistikk 

MEDIEHUSET ITROMSØ AS 

Troms 

TROMSØ 

Optimization of Spectral Light Quality for Increased Energy Use Efficiency and Quality of the Produced in Controlled Environment Agriculture 

RIFT LABS AS 

Akershus 

VINTERBRO 

Lipid nutrition as a driver for Atlantic salmon robustness and welfare 

BIOMAR A.S. 

Nordland 

MYRE 

Instrumented strength and balance tests in elderly 

INITIAL FORCE AS 

Trøndelag 

TRONDHEIM 

Testing of the pigment Q-FIELD™, and it's efficacy of disinfecting surfaces in different substrates 

SPECTRUM BLUE AS 

Rogaland 

SANDNES 

Beef on Norwegian Red: A genetic evaluation of Norwegian beef cattle sires for use on dairy cattle. 

GENO SA 

Innlandet 

HAMAR 

Circular tech product development in health and educational industries in Norway 

MUZZIBALL AS 

Rogaland 

STAVANGER 

Behaviour of SiC in The Silicon Process 

ELKEM ASA 

Oslo 

OSLO 

Predicting Lithology in Mineral Systems 

ADEPTH MINERALS AS 

Vestland 

BERGEN 

Continuous organic synthesis - determination of reaction kinetics and structure elucidation of by-products 

GE HEALTHCARE AS 

Oslo 

OSLO 

Tree-Based Machine Learning Algorithms for House Price Predictions and Price Indices 

EIENDOMSVERDI AS 

Oslo 

OSLO 

Ensuring Reliability in AI-Driven Autonomous Systems for Safety- and Security-Critical Applications 

KONGSBERG DEFENCE & AEROSPACE AS 

Buskerud 

KONGSBERG 

Personvernbevarende og pålitelig kunstig intelligens 

MIDLAIER AS 

Innlandet 

LILLEHAMMER 

AI-Driven Personal Advisors in a High Trust Societies, for better personal wellbeing, finances, health and contribution 

DNB BANK ASA 

Oslo 

OSLO 

Digital helseveiledning for kreftpasienter 
Digital health guidance for cancer patients 

ABEL TECHNOLOGIES AS 

Troms 

TROMSØ 

PhD Project – Optimized audio-visual fMRI for the guidance of brain stimulation 

NORDICNEUROLAB AS 

Vestland 

BERGEN 

Arktisk-alpine naturtypar: vegetasjonmønster i høgfjellet 

SÁLLIR NATUR AS 

Troms 

HARSTAD 

Industrial PhD at nanoCaps on hybrid supercapacitors 

NANOCAPS AS 

Akershus 

NESBRU 

Ledelsesutvikling innen styrkebasert prosessledelse - potensielle effekter og nytte i norsk arbeidsliv 

LENT AS 

Oslo 

OSLO 

Controlling and predicting release of AMC-109 from biodegradable aliphatic polyesters for antimicrobial medical devices 

AMICOAT AS 

Akershus 

ASKER 

KI-baserte modeller for dekoding av språklig kommunikasjon og oversettelse til figurative mentale modeller. 

EBHR AS 

Oslo 

OSLO 

Towards improved imaging and detection using Distributed Acoustic Sensing (DAS) in marine environments 

CGG SERVICES (NORWAY) AS 

Oslo 

OSLO 

Industrial PhD at nanoCaps on sustainable development of Interconnected Cross-Linked Carbon Nanotube (iCL-CNT) for supercapacitor electrodes 

NANOCAPS AS 

Akershus 

NESBRU 

Hvordan kan avansert data management og maskinlæring effektivisere markedsreguleringen i landbrukssektoren? 

AGRIANALYSE AS 

Oslo 

OSLO 

Clinical predictors of treatment response in dry eye disease 

ØYEHELSEKLINIKKEN AS 

Oslo 

OSLO 

AI-Driven Multi-Omics Integration for Enhanced Prediction and Personalization in Age-Associated Disease Management 

PUEROVITA BIOTECHNOLOGY AS 

Akershus 

VETTRE 

Nyttegjørelse av KI for det lokale demokratiet: Samskaping av KI-verktøy og metoder for lokalnyheter og redusering av risiko 

MEDIEHUSET ITROMSØ AS 

Troms 

TROMSØ 

Machine vision, AI and control for explainable reasoning systems in maritime remote operations 

SEAONICS AS 

Møre og Romsdal 

ÅLESUND 

AI-Driven Automated User Interface Testing for Web Applications 

ETC ELECTRIC TIME CAR AS 

Innlandet 

GJØVIK 

Vurdering av utslipp og faktorer som påvirker innsamling og bruk av fiskeslam fra flytende lukket akvakulturteknologi 

OVUM AS 

Vestland 

BERGEN 

Knowing me, knowing you: Exploring the effects of training in Emotion focused therapy (EFT) on therapist development 

AS INSTITUTT FOR PSYKOLOGISK RÅDGIVNING 

Vestland 

BERGEN 

Transforming Real-World Evidence with Advanced Language Models: Predictive Analytics for Improved Healthcare Outcomes 

NordicRWE AS 

Oslo 

OSLO 

Robust and fast multi-market optimization 

ANEO AS 

Trøndelag 

TRONDHEIM 

ADVANCING CONTROLLED ENVIRONMENT AGRICULTURE USING ARTIFICIAL INTELLIGENCE 

RIFT LABS AS 

Akershus 

VINTERBRO 

Risk-based and modular assurance framework for maritime autonomy systems. 

ZEABUZ AS 

Trøndelag 

TRONDHEIM 

Application of artificial intelligence and machine learning in critical marine automation and control systems. 

KONGSBERG MARITIME AS 

Buskerud 

KONGSBERG 

Towards robust Large Language Models for agent-based systems 

FACTIVERSE AS 

Rogaland 

STAVANGER 

Smart Sports Studio: AI-Powered Tools for Next-Gen Media Production 

FORZASYS AS 

Oslo 

OSLO 

Autonom borerigg 

ANDERSEN MEK VERKSTED AS 

Agder 

FLEKKEFJORD 

Physics Informed Machine Learning for Accelerated Ship Hydrodynamic Optimization 

VARD DESIGN AS 

Møre og Romsdal 

ÅLESUND 

Safety Regimes practices and how they are managed in maritime operations and their ability to prevent and mitigate operational risks. 

DNV AS 

Akershus 

HØVIK 

Cognitive Analytics of Gravity- and Pressure-Driven Membrane Separation 

DOSCON AS 

Oslo 

OSLO 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 06.40 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.