Stor satsing på berekraftig fôr
Alle må bidra for at Noreg skal no dei ambisiøse klimamåla sine. Det gjeld også landbruks- og havbruksnæringane, der meir berekraftig fôr blir ein viktig faktor. No lyser Forskingsrådet ut nye forskings- og innovasjonsmidlar for å styrkje utviklinga av berekraftig fôr til husdyr og oppdrettsfisk. 41 millionar kroner skal gå til innovasjonsprosjekt i næringslivet som skal utvikle meir klimavennlege fôrkjelder.
- Noreg og verda treng meir mat, og ho må vere produsert på ein berekraftig måte. Dette gjeld også fôr til husdyr og oppdrettsfisk. Forsking og innovasjon legg eit viktig grunnlag for betre utnytting av tilgjengeleg råstoff og nye fôrressursar. Ny kunnskap på desse områda støttar opp under ambisjonen til regjeringa om auka berekraftig produksjon av nok, trygg og sunn mat og eit felles europeisk mål om auka sjølvforsyning og berekraftige matsystem, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.
Satsinga på berekraftig fôr spring ut frå Hurdalsplattforma og er eit av samfunnsoppdraga som regjeringa lanserte i langtidsplanen sin for høgare utdanning og forsking. Dette er eit nytt verkemiddel i norsk samanheng, der forsking og utvikling blir kopla tettare med regelverksarbeid og anna politikkutvikling. Forskingsrådet leier arbeidet i ei operativ gruppe som skal komme med forslag til korleis samfunnsoppdraget skal utviklast vidare som verkemiddel. Det er sett ned ei ekspertgruppe som skal foreslå tidfesta mål og delmål og peike på eventuelle kunnskapshol og barrierar.
Forskingsrådet har lenge finansiert forskingsprosjekt på feltet, og årets utlysing rettar seg mot realisering av fôrkjelder og ingrediensar, med sikte på produksjon i full industriell skala. Kanskje er det insekt og kortreiste grantre som skal mette oppdrettslaksen eller grisen på deira veg mot spisebordet vårt?
- Forskingsrådets utlysing støttar oppunder samfunnsoppdraget om berekraftig fôr som vi no er i gang med, og er ei viktig oppfølging av Hurdalsplattforma. Vi mobiliserer breitt, både offentleg og privat. Auka produksjon av berekraftig fôr i Noreg gir nye høve til sysselsetjing og eksport av teknologi, samtidig som det er ei utfordring å oppskalere lovande forskingsresultat til full industriell produksjon, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
- Satsinga på berekraftig fôr inneber store moglegheiter. Samtidig trengst stor og koordinert innsats når forskingsresultat skal omsetjast til industriell produksjon der mattryggleik, dyrevelferd og dyrehelse skal varetakast. Det må sikrast tilstrekkeleg tilgang på ressursar, også her vil marknaden og politikk vere viktige element, seier administrerande direktør Mari Sundli Tveit i Forskingsrådet.
Pressekontakt
Sindre Mekjan
Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. november 2024, kl. 00.37 CET