Søknader til fristane i februar
Det var to store søknadsfristar i februar. Til fristen for Forskarprosjekt 8. februar fekk vi 683 søknader; til fristen for Kompetanse- og samarbeidsprosjekt 15. februar fekk vi 395.
Har du søkt til februarfristane? Sjå eventuelt
- behandlingsprosedyre for Forskerprosjekt-søknader i 2023
- behandlingsprosedyre for Kompetanse- og samarbeidsprosjekt
53 prosent av prosjekta det blir søkt om, har mannleg leiar, 47 prosent har kvinneleg leiar.
Forskarprosjekt for fornying: 580 søknader – søkt om i alt 5,8 milliardar kroner
Stort, tverrfagleg forskarprosjekt: 3 søknader – 100 millionar kroner
Unge forskartalent: 100 søknader – 786 millionar kroner
Samarbeidsprosjekt: 334 søknader – 4,3 milliardar kroner
Kompetanseprosjekt: 61 søknader – 738 millionar kroner
For meir informasjon, sjå statistikk (tableau.com). Vel søknadsfrist t.h. på sida. Statistikken gjeld siste søknadsfrist. Vel 8. februar (Forskerprosjekt) og/eller 15. februar (Kompetanse- og samarbeidsprosjekt).
Du finn meir informasjon om dei ulike utlysingane på denne sida: Aktuelle utlysingar - søk om midlar frå Forskingsrådet – vel "Gjennomførte".
- Kompetanse- og samarbeidsprosjekt er ei nyare ordning for å utvikle ny kunnskap og byggje forskingskompetanse som samfunnet eller næringslivet treng for å møte viktige samfunnsutfordringar.
- Her er samarbeid mellom forskingsmiljø og aktørar som ikkje er frå universitet, høgskular eller institutt, eit krav.
- Eit formål er å fremje samarbeid på tvers av sektorar. Initiativet til prosjektsamarbeidet kan komme frå alle partar. Partnar(ane) bidrar med problemstillinga, mens forskingsorganisasjonen leier prosjektet og sender søknaden.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 16.44 CET