Spør KI-samtaleroboten vår

Godt nytt frå EU - Norske forskarar konkurrerer seg til rekordmykje pengar

Norske forskings- og innovasjonsmiljø gjer det best av landa i Norden. Noreg ligg på 8. plass i å konkurrere seg til midlar frå verdas største program for forsking og innovasjon, Horisont Europa.

Abstrakte former i grønn, blå, hvit og grå som står i ulik høyde

– Resultata viser at norske forskarar og andre aktørar hevdar seg i ein hard og prestisjefylt konkurranse internasjonalt. Så langt har norske forskarar og bedrifter konkurrert seg til nesten 5 milliardar kroner frå EU. Eg er utruleg stolt av innsatsen og resultata, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Horisont Europa er det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda, med eit budsjett på 95,5 milliardar euro i perioden 2021–2027. Ambisjonen er at norske deltakarar skal hente heim 2,8 prosent av pengane som Horisont Europa lyser ut. Nye tal viser at vi så langt har henta heim 3,35 prosent. 

Til no har norske institutt, universitet, høgskular, bedrifter, helseføretak og offentleg sektor fått tilslag på 487,5 millionar euro eller 4,9 milliardar kroner av utlysingane i Horisont Europa.

Deltaking i Horisont Europa er eit av dei viktigaste verkemidla for internasjonalisering av norsk forsking. Samarbeidet bidreg til kvalitetsutvikling fordi det gir tilgang til kompetanse, nye marknader og infrastruktur som vi vanskeleg kan få gjennom nasjonale ordningar. Noreg deltek i samarbeidet på lik linje som andre land i EU og har auka sin del av forskingsmidlane år for år. Så langt i programperioden har Noreg henta heim meir pengar frå Horisont Europa enn vi har betalt i kontingent for å delta.

– Prosjekt med norske deltakarar gir tilgang på forsking og innovasjon til ein verdi av 35 milliardar kroner. Å hevde seg internasjonalt er viktig for konkurransekrafta vår og avgjerande for Noregs evne til å omstille seg. Det er gjennom forsking og innovasjon vi skapar berekraftige samfunn, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

– Dette er fantastiske tal. For at vi skal lykkast med den grøne, digitale omstillinga er det viktig at vi samarbeider med dei beste miljøa internasjonalt. Dette oppnår vi gjennom Horisont Europa. At Noreg hevdar seg så godt, viser kor sterke norske forskings- og innovasjonsmiljø er, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. november 2024, kl. 18.32 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.