Bli med i nye internasjonale forskarnettverk som springbrett til Horisont Europa
Norske forskarar og bedrifter kan no søkje om å bli med i 70 nye COST-nettverk som startar opp i 2023. Forskingsrådet erfarer at deltakarane i desse nettverka har auka sjansar for å lykkast i EUs Horisont Europa, det største forskings- og innovasjonsprogrammet i verda.
Nettverka, i regi av European Cooperation in Science and Technology (COST), er internasjonale nettverk mellom forskarar og dekkjer alle fag, disiplinar og sektorar.
Deltakarane bringar inn si eiga forsking i nettverket og COST gir støtte til møte, seminar og konferansar i nettverket, sommarskular og korte forskingsopphald. COST finansierer ikkje forsking.
Høg norsk interesse
Det er høg interesse her i Noreg for å delta i nettverka, og norske aktørar deltek i nærare 90 prosent av dei rundt 300 aktive nettverka. Ifølgje ein survey frå Forskingsrådet er kvar tredje norske deltakar med i ein Horisont-søknad eller planlegg ein søknad saman med andre deltakarar frå nettverket.
Kan opne mange dører
Fleire norske deltakarar Forskingsrådet har vore i kontakt, med meiner det er verdifullt å delta i COST-nettverk for å danne konsortium til Horisont Europa-søknader.
Den erfarne forskaren og kjemikaren Mats Tilset har positive erfaringar frå fleire COST-nettverk.
- Gode nettverk fører ofte til samarbeid om større prosjektsøknader. Det er ikkje uvanleg at ein får høve til å bli med i eit konsortium for å søkje Horisont-midlar. Mange nyttar COST-nettverk til å skaffe seg oversikt over og kontaktar innanfor forskingsfelt dei vurderer å starte nye aktivitetar i. Det er ikkje nødvendig å delta i COST for å bli dyktig - men det hjelper, fastslår Tilset.
Særleg forskarar tidleg i karrieren kan ha nytte av å delta i COST-nettverk.
- Det er ein god inngang til internasjonalt samarbeid og eit høve til å utvikle eit personleg fagleg nettverk som kan opne mange dører, seier Trude Dypvik, spesialrådgivar i Forskingsrådet.
Ta kontakt viss du vil delta
Du finn oversikt over dei nye nettverka på nettstaden til COST. Ta kontakt med oss i Forskingsrådet så snart som mogleg og før 20. juni for å bli med. Send ein e-post til: COST-CNC@forskningsradet.no
Forskingsrådet vil be dei som er interesserte i delta om å sende ein kort søknad etter ein nærare angitt mal saman med CV-en sin. Dette gjeld også dei som har vore "secondary proposars" i søknadsprosessen.
Positive erfaringar frå norske deltakarar i COST-nettverk
Forskingsrådet gjennomførte i 2022 ei spørjeundersøking til norske deltakarar i nettverk som vart avslutta i perioden 2018 – 2021. Her er nokre utdrag frå responsen:
- 37 prosent deltek i ein søknad eller planlegg ein søknad til Horisont Europa, saman med andre deltakarar frå nettverket.
- 19 prosent seier deltakinga i nettverket har vore heilt avgjerande for å komme inn i gode konsortium med tanke på deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon.
- 60 prosent har publisert saman med andre deltakarar i nettverket.
- 80 prosent seier at heilt klart vil tilrå andre å delta i eit COST-nettverk.
Informasjonsmøte om COST 24. mai
Om du ønskjer meir informasjon om COST, tilrår vi at du deltek på det digitale informasjonsmøtet om COST, 24. mai, kl. 10-11.30. Påmelding og informasjon her.
Frist for nye nettverk 25. oktober
Utlysinga for å søkje om å opprette nye COST-nettverk er no open og søknadsfristen er 15. oktober 2023. Meir informasjon her: Open Call: A Simple One-Step Application Process
COSTKONTAKTPERSONER:
- Trude Dypvik, e-post: COST-CNC@forskningsradet.no
- Hilde Garegg Gårdsmoen, e-post: COST-CNC@forskningsradet.no
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 16.59 CET