Endringar i offentleg sektor-ph.d.-utlysinga for 2023

Vi har no endra utlysinga, slik at krava til kven som kan søkje er dei same som det var i 2022.

I årets utlysing til offentleg sektor-ph.d. gjorde vi nokre endringar som avgrensa kven som kunne søkje. Vi har blitt gjorde merksame på uheldige konsekvensar av desse endringane, blant anna for ein del museum som ikkje lenger kvalifiserte for ordninga.

Vi har no endra denne utlysinga, slik at krava til kven som kan søkje er dei same som det var i 2022. Vi har også utsett datoen for innsending av søknader.

De kan sende inn søknad frå og med 13. april klokka 08.00 (utsett frå 1. mars). Søkjarar innanfor IKT-tryggleik og kryptologi kan søkje allereie no (og derfor er utlysinga merka "søk no").

Les heile utlysingsteksten her: Offentlig sektor-ph.d. – doktorgradsprosjekt i offentlig virksomhet.

Kven kan søkje om støtte til offentleg sektor-ph.d.?

Årets utlysing inkluderer midlar til minst 25 prosjekt. Av desse skal det vere minst

  • tre prosjekt med relevans for ordninga "Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester"
  • to prosjekt med relevans for "Utdanning og kompetanse"
  • tre prosjekt med relevans for "Velferd, kultur og samfunn"
  • fire prosjekt innanfor IKT-tryggleik og kryptologi for personar som har tryggleiksklarering

Det er ikkje tematiske føringar for dei andre 13 prosjekta.

Søkjar må vere ei verksemd i offentleg sektor. Verksemda skal normalt bli finansiert 80 prosent eller meir av det offentlege. Offentleg finansiering kan komme gjennom direkte tildelingar frå det offentlege, men også frå offentlege innkjøp.

Legg merke til at vi berre støttar prosjekt med kandidatar som ikkje har doktorgrad/ph.d. frå før. Ordninga støttar heller ikkje ferdigstilling av påbyrja doktorgrader.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. juni 2024, kl. 23.21 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.