Spør KI-samtaleroboten vår

Årets helsesjekk for forskings- og innovasjonssystemet

Indikatorrapporten 2023 vart lansert på eit seminar hos Forskingsrådet tysdag. Rapporten er den viktigaste enkeltkjelda til å forstå det norske forskings- og innovasjonssystemet, og gir eit detaljert bilete av tilstanden og trendane innan norsk forsking og innovasjonsaktivitetar, og korleis vi gjer det samanlikna med andre land.

Bilete frå lanseringa. Biletet viser ein panelsamtale med Håkon Haugli (adm.dir i Innovasjon Norge), Kenneth Ruud (adm.dir Forsvarets forskningsinstitutt) Dagfinn Myhre VP (Head of External Relations, Telenor Research & Innovation), Benedicte Løseth (områdedirektør i Forskingsrådet med ansvar for Forskigssystemet og internasjonalisering)
Håkon Haugli (adm.dir i Innovasjon Noreg), Kenneth Ruud (adm.dir Forsvarets forskingsinstitutt) Dagfinn Myhre VP (Head of External Relations, Telenor Research & Innovation), Benedicte Løseth (områdedirektør i Forskingsrådet med ansvar for Forskingssystemet og internasjonalisering) deltok i ein debatt om det norske forskings- og utviklings og innovasjonssystemet på lanseringsseminaret tysdag. Til høgre, Frode Georgsen frå Forskingsrådet som leidde debatten.

– Indikatorrapporten gir oss heilt nødvendig kunnskap om forskings- og innovasjonssystemet, - slik at vi alle med ei rolle i dette systemet, kan leggje best mogleg til rette for dei som skal forske og utvikle kunnskapen vi treng for å takle krisene vi står overfor, sa Benedicte Løseth, områdedirektør i forskingsrådet med ansvar for Forskingssystemet og internasjonalisering. 

Indikatorrapporten 2023 viser at Noreg har eit sterkt forskings- og innovasjonssystem, sjølv om veksten ser ut til å ha flata ut. Vi har langt fleire forskarar per innbyggjar i Noreg enn gjennomsnittet i EU, og vi er heilt i verdstoppen for talet på publiserte artiklar per innbyggjar. Også internasjonale samanlikningar av innovasjon viser at Noreg skårar jamt over høgt. 

Nokre highlights frå Indikatorrapporten 2023 

  • Klima, miljø, utdanning og IKT er dei tematiske forskingsområda der utgiftene til forsking og utvikling har vakse mest. 
  • Nesten 16% av all norsk FoU er relatert til helse. Det er også eit område med sterk vekst.
  • Høgare utdanning er ei drivkraft for FoU. 33% av norsk FoU skjer i universitets- og høgskulesektoren. Dei siste åra har det vorte fleire studentar, det har ført til fleire tilsette ved universiteta og høgskulane som igjen har ført til meir forsking og utvikling. 
  • EU får aukande betydning for norsk forsking og utvikling og innovasjon. Finansiering frå EUs rammeprogram er meir enn dobla dei siste 20 åra.
  • Norsk forsking og utvikling har vorte meir avhengig av utanlandske forskarar. Ca. ein av tre forskarar i akademia har innvandrarbakgrunn i 2022. 
  • Kriser er ei drivkraft for forsking og utvikling og innovasjon. 31 prosent av innovative føretak oppgir auka innovasjonsinvesteringar under kriser medan 14 prosent oppgir reduksjon.
  • Det var fleire innovasjonar med positiv miljøeffekt i pandemiåra 2020-2022 enn i toårsperioden før.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 05.50 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.