Spør KI-samtaleroboten vår

40 millionar til utvikling av effektiv, miljøvennleg og sikker transport

Fem prosjekt har fått pengar til å utvikle teknologi som skal gjere transportsektoren grønare gjennom Pilot-T-ordninga. Samferdselsdepartementet finansierer ordninga som Forskingsrådet og Innovasjon Noreg administrerer i fellesskap.

lite grønt og hvitt fly fra Widerøe Zero med mange propeller
Widerøe har sett seg ambisiøse mål om å bli ein av dei første kommersielle operatørane av null- og lågutslepp luftfartøy for persontransport. (Foto: Widerøe)

- Denne typen prosjekt i næringslivet er heilt nødvendig for at vi skal lykkast med det grøne skiftet og for at vi skal nå klimamåla, seier Mari Sundli Tveit, administrerande direktør i Forskingsrådet.

Blant prosjekta som får finansiering er det blant anna eitt innan grøn luftfart og eitt retta mot elektrifiseringa av tungtransporten.

Aneo Build- Mobil lynladarløysing for effektiv og utsleppsfri tungtransport

Prosjektet skal etablere og demonstrere mobile lynladarar på offentlege knutepunkt for å leggje til rette for effektiv lading av elektrisk tungtransport. Mange norske transportørar har investert, eller er klare til å investere i elektriske bussar og lastebilar. Den eksisterande ladeinfrastrukturen i Noreg gjer det likevel problematisk og ugunstig å bruke elektriske alternativ for lengre ruter fordi ladetida vil bli for lang. Prosjektet skal demonstrere korleis denne teknologien kan eliminere dei høge investeringskostnadene tilknytta utbygging av netteffekt og reduserer risikoen knytt til å byggje permanente løysingar.

Widerøe Zero - The New air mobility mix and future CONOPS

Widerøe har sett seg ambisiøse mål om å bli ein av dei første kommersielle operatørane av null- og lågutslepp luftfartøy for persontransport. CONOPS står for customer journey, technology and organizational design for the future airline. For å lykkast må dei utvikle nye måtar null- og lågutslepp luftfartøy kan brukast og korleis dei kan passe inn i det eksisterande rutesystemet. Widerøe jobbar både med utvikling av såkalla EVTOL-fly (vertikal avgang og landing) og med metodar for elektrifisering av meir konvensjonelle flytypar. Målet med prosjektet er å bidra til at nullutslepp luftfartøy kan flyge i norsk luftrom allereie frå 2026.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 18.21 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.