Spør KI-samtaleroboten vår

Forskingsrådets funksjonar og oppgåver

Tilskotsforvaltning: Oppgåva vår er å sikre at vi finansierer dei beste forskings- og innovasjonsprosjekta. Vi deler ut 11,3 milliardar kroner til forskings- og innovasjonsprosjekt på vegner av alle departement.

Rådgiving: Vi er styresmaktenes viktigaste rådgjevar innan forsking og innovasjon. Vi gir råd om på kva område samfunnet treng meir kunnskap og nye løysingar.  

Dialog: Vi skaper arenaer for dialog mellom forskarar, næringsliv, offentleg forvaltning og andre brukarar av forsking og innovasjon. Vi koplar sektorane slik at dei kan lære av kvarandre og samfunnet får teke ny kunnskap raskare i bruk.

Oppdrag: Vi utfører ulike eksternt finansierte oppdrag, satsingar og strategiprosessar, på vegner av departementa og andre offentlege organ.

Våre verdiar

  • Framtidsretta: Vi leitar kontinuerleg etter betre løysingar som forenklar kvardagen for brukarar og tilsette.
  • Ansvarleg: Vi er ryddige og pålitelege i forvaltninga vår, og i møte med partnarar og kollegaer. Våre val skal vere til det beste for samfunnet.
  • Tydeleg: Vi er tydelege i våre råd, og ærlege i kommunikasjonen vår. Vi engasjerer oss på eksterne arenaer, og bidreg til å synleggjera betydninga på forskinga.
  • Engasjert: Vi engasjerer oss i dei utfordringane som verda står overfor og rettar aktivitetane våre mot å drive fram idear, forsking og innovasjon verda treng.

blei tildelt Forskingsrådet til i forsking og innovasjon i 2023

11,3milliardar kroner

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 15.09 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.