Barometerlanda

Barometerlanda er dei nordiske landa Danmark, Finland og Sverige, i tillegg til Nederland og Austerrike. Barometerlanda har mange likskapstrekk med Noreg, og er dermed land det er naturleg at vi samanliknar oss med. Her har vi samla data frå figur- og tabellgrunnlaget for Indikatorrapporten 2024 som omtaler barometerlanda.

Klarer barometerlanda treprosent-målet?  

FoU som prosent av BNP (2022). Data henta frå Indikatorrapporten 2024, kapittel 2.1 «Utviklingen i internasjonal FoU».

I 2022 brukte to av dei seks barometerlanda 3 prosent eller meir av bruttonasjonalproduktet sitt (BNP) på forsking og utvikling (FoU). Sverige nytta 3,47 prosent av BNP til FoU og Austerrike 3,18 prosent. Finland låg rett under målet med 2,96 prosent, etterfølgd av Danmark på 2,87 prosent av BNP. Nest lågast låg Nederland med 2,18 prosent mens Noreg brukte 1,56 prosent. Noreg var altså det einaste av barometerlanda som i 2022 brukte mindre enn 2 prosent på FoU.

FoU-utgifter etter utførande sektor. 2022. 

Data henta frå Indikatorrapporten 2024, kapittel 2.1 «Utviklingen i internasjonal FoU». I figuren er det OECD si sektorinndeling som er brukt. Denne inndelinga har ikkje institutta som eigen sektor. Utfyllande forklaring finst i rapporten.

Figuren over viser FoU-utgifter fordelt på utførande sektor. I alle barometerlanda bidrar føretakssektoren mest til FoU, etterfølgd av universitets- og høgskulesektoren (UoH), offentleg sektor og «private-non-profit» (PNP)-sektoren. Fordelinga mellom dei FoU-utførande sektorane er relativt stabil over tid, men blant barometerlanda totalt har FoU-aktiviteten i føretakssektoren og universitets- og høgskulesektoren auka noko meir enn i offentleg sektor.

Andelen av FoU-utgiftene som tilhøyrer føretakssektoren er lågast i Noreg, med 55,3 prosent i 2022, og høgast i Sverige med 73,7 prosent. Universitets- og høgskulesektoren sin FoU-andel utgjorde 32,8 prosent i Noreg, nest høgast av alle barometerlanda og berre bak Danmark på 35,2 prosent. Offentleg sektor sitt bidrag til FoU er høgast i Noreg, med 11,9 prosent. 

Statlege FoU-løyvingar per innbyggjar. 2023. Kjøpekraftsjusterte prisar (PPP euro).

Data henta frå Indikatorrapporten 2024, kapittel 2.2 «Offentlige bevilgninger til FoU».

Blant barometerlanda er det Noreg som løyver mest statlege midlar til FoU per innbyggjar når ein tar omsyn til kjøpekrafta i kvart land (tala er i PPP euro). I 2023 løyvde Noreg 670 PPP euro per innbyggjar til FoU over statsbudsjettet, noko som er tredje høgast i verda etter Sveits og Island. Av barometerlanda løyvde Sverige minst med 387 PPP euro per innbyggjar, mens EU-gjennomsnittet var 275 PPP euro. Alle barometerlanda ligg altså høgt på denne indikatoren.

Forskartettleik: Totale FoU-årsverk per tusen innbyggjarar. 2022.

Forskartettleik

Data henta frå Indikatorrapporten 2024, tabell A.5.10.

FoU-årsverk per tusen innbyggjarar seier noko om FoU-intensiteten i eit land. Alle barometerlanda hadde fleire FoU-årsverk per tusen innbyggjarar i 2022 samanlikna med året før. Med svak vekst ligg Noreg i 2022 nedst av barometerlanda med 9,8 FoU-årsverk per tusen innbyggjarar. Høgst ligg Danmark med 11,7 FoU-årsverk per tusen innbyggjarar etter ein vekst frå 2021 på heile 1,1 årsverk. Variasjonen mellom barometerlanda er likevel ikkje særleg stor og alle landa ligg betrakteleg over verdsgjennomsnittet.  

Relativ siteringsindeks. 2021-2022.

Relativ siteringsindeks

Data henta frå Indikatorrapporten 2024, kapittel 6.1 «Internasjonal utvikling i vitenskapelig publisering og sitering».

Relativ siteringsindeks er eit uttrykk for om publikasjonar frå eit land er meir eller mindre siterte i høve til kva som er gjennomsnittet for heile verda, normalisert til 100. Indikatoren vist ovanfor omfattar alle fagområde. Med ein siteringsindeks på 116 rangerer Noreg som nummer 10 av verdas 40 største forskingsnasjonar. Det vil seie at dei norske artiklane frå perioden 2021–2022 blei siterte 16 prosent meir enn verdsgjennomsnittet.

Blant barometerlanda har Noreg ein relativ siteringsindeks omtrent på linje med Finland (118) og Sverige (120), lågare enn Nederland (131) og Danmark (125), men noko høgare enn Austerrike (110).

Antall artikkelbidrag. 2023.

Antall artikkelbidrag

Data henta frå Indikatorrapporten 2024, kapittel 6.1 «Internasjonal utvikling i vitenskapelig publisering og sitering».

Norske forskarar produserte 15 302 artikkelbidrag i 2023. Med dette rangerer Noreg som verdas 23. største forskingsnasjon målt i vitskapeleg publisering. Noreg sin andel utgjorde 0,53 prosent av den globale artikkelproduksjonen.

Blant barometerlanda er Nederland den største forskingsnasjonen målt i vitskapeleg publisering. Nederland var i 2023 13. størst i verda, med 36 760 artikkelbidrag, og 1,27 prosent av den globale produksjonen. Blant barometerlanda ligg Finland lågast med 12 834 artikkelbidrag og 0,44 prosent av den globale produksjonen.

I perioden 2019 til 2023 har Noreg hatt ein større vekst i artikkelproduksjon enn dei andre barometerlanda. Veksten var på 9 prosent. Danmark, Finland og Austerrike hadde vekst på mellom 2,1 og 5,2 prosent i same periode, Nederland hadde ikkje vekst og Sverige har hatt ein nedgang på 0,6 prosent. 

Antal artikkelbidrag per tusen innbyggjarar. 2023.

Antall artikkelbidrag per tusen innbygger

Data henta frå Indikatorrapporten 2024, kapittel 6.1 «Internasjonal utvikling i vitenskapelig publisering og sitering».

Målt i forhold til innbyggjartalet hadde Noreg 2,80 artikkelbidrag per tusen innbyggjarar i 2023. Ut frå ein slik målestokk er Noreg blant landa som har aller høgast publiseringstal og rangerer som nummer tre i verda. 

Det einaste barometerlandet som har eit høgare antal bidrag relativt til folketalet er Danmark med 2,95 artikkelbidrag per tusen innbyggjarar, noko som gjer Danmark til best i verda etter denne indikatoren. Lågast av barometerlanda er Austerrike, med 1,66 artikkelbidrag per tusen innbyggjarar. 

Som vist i figuren over er barometerlanda nokre av dei landa i verda som publiserer mest relativt til folketalet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 30. mars 2025, kl. 12.55 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.