Ansvarlig forskning og innovasjon (RRI)
Her finn du råd om korleis du kan ta inn ansvarleg forsking og innovasjon i prosjektet ditt. Ansvarleg forsking og innovasjon (Responsible Research and Innovation, RRI) er ei tilnærming som legg til rette for at forskingsresultata fører til ei berekraftig utvikling. Målet er at alle aktørar i forskingssystemet skal samarbeide godt og at resultata frå prosjekta kan takast breitt i bruk og komme samfunnet til nytte på best mogleg måte.
Innhald: Du hoppar nedover på sidan ved å trykkje på lenkjene.
Heilt kort: Kva er ansvarleg forsking og innovasjon? Ansvarleg forsking og innovasjon er ei tilnærming som tilbyr rammer, teknikkar og verktøy for å tenkje på sosialt ansvar i forsking og innovasjon.
Korleis kan de omtale ansvarleg forsking og innovasjon i eit prosjekt og i ein søknad. Tips til korleis de kan integrere ansvarleg forsking og innovasjon i prosjekt og søknader, inkludert viktige punkt de bør vurdere, og kva evaluatorane ser etter.
Døme til inspirasjon for integrering av ansvarleg forsking og innovasjon i prosjekt. Her finn du meir detaljerte døme, med søkjelys på relevante spørsmål og tilnærming.
Grunnelementa i ansvarleg forsking og innovasjon. Kva ligg i omgrepet ansvarleg forsking og innovasjon? Les om dei fire viktige dimensjonane i AIRR tilnærminga: Sjå framover («Anticipation»), Inviter med («Inclusion»), Tenk igjennom («Reflection»), og Jobb saman («Responsiveness»).
Tilnærminga og bidraget Forskingsrådet har til ansvarleg forsking og innovasjon. Korleis har Forskingsrådet bidrege til utviklinga av ansvarleg forsking og innovasjon? Kva er rolla vår i nasjonale og internasjonale nettverk og prosjekt?
Siste oppdaterte endringer
18. desember 2024:
- Nettsida omorganisert med meir info om generelle råd for søknaden.
- Ordet “metode” om ansvarleg forsking og innovasjon er erstatta med “tilnærming”.
- Faktaboksar om AIRR-dimensjonane lagde inn.
Heilt kort: Kva er ansvarleg forsking og innovasjon?
Ansvarleg forsking og innovasjon tilbyr rammer, teknikkar og verktøy for å tenkje på spørsmål om sosialt ansvar.
Gjennom tilnærminga skal de bli oppmoda til å byggje inn metodar og prosessar i forskingsprosjekt gjennom å vurdere fire viktige dimensjonar: sjå framover, inviter med, tenk igjennom og jobb saman (den såkalla AIRR-tilnærminga). Gjennom å spørje dykk sjølve korleis akkurat dykkar forsking og innovasjon bør gjennomførast for å bidra endå betre til ansvarlege løysingar for samfunnsutfordringar, kan bidraget på forskinga få meir å seie og vere ein betre vegvisar. Dette kan denne tilnærminga hjelpe deg med.
Tilnærminga skal sikre at alle involverte tek omsyn til den samfunnsmessige, miljømessige og etiske konteksten dei opererer i. Dette gjeld både forskarar, finansiørar og teknologiutviklarar.
Treng de å lære meir om kva ansvarleg forsking og innovasjon er og om AIRR-tilnærminga? Sjå Grunnelementa i ansvarleg forsking og innovasjon lenger ned på sida.
Korleis kan de omtale ansvarleg forsking og innovasjon i eit prosjekt og i ein søknad?
Korleis de integrerer ansvarleg forsking og innovasjon i søknader, vil vere avhengig av konteksten til kvart enkelt prosjekt. Å inkludere ulike tilnærmingar i eit prosjekt er eit viktig første steg, men det er prosessane og rommet dei skaper i sjølve gjennomføringa av prosjektet som utgjer den reelle forskjellen.
Her er fem punkt som gir eit godt grunnlag for korleis de utviklar tilnærminga i prosjektet dykkar:
- Generelt bør ansvarleg forsking og innovasjon vere ein integrert del av prosjektet og involvere alle prosjektdeltakarane.
- Det er viktig å utvikle ei samla forståing av tilnærminga prosjektet har til ansvarleg forsking og innovasjon så tidleg som mogleg.
- Aktivitetane i prosjektet som handlar om ansvarleg forsking og innovasjon må vere koordinert. Dei kan gjerne gjennomførast som ein eigen arbeidspakke.
- Ha med viktige menneskelege ressursar i arbeidet. Vurder å ha med forskarar med bakgrunn i humanistiske og/eller samfunnsvitskaplege fag ettersom det kan vere ein styrke for prosjektet.
- Å integrere ansvarleg forsking og innovasjon i prosjekt vil for dei fleste krevje at ein tileignar seg ny kunnskap, kompetanse og ferdigheiter.
Generelle råd for søknaden (forskingskvaliteten)
Hugs å tilpasse nivået, innhaldet og døma under til prosjektet ditt:
- Gi ei kort oversikt over dei relevante sosiale, politiske, miljømessige, etiske eller kulturelle dimensjonane ved prosjektet ditt. Nokre dimensjonar beskriv du allereie i obligatoriske punkt i forskingskvalitetsdelen i malen for prosjektbeskriving når du søkjer om midlar frå oss.
- Det er ikkje negativt om du framhevar ting som er komplekse, uvisse eller kan ha ulike meiningar så lenge du forklarer korleis du vil handtere dei. Kva kan til dømes vere dei moglege positive, nøytrale eller negative konsekvensane prosjektet ditt kan ha for sluttbrukarar, andre interessentar eller samfunnet elles? Konsekvensane vil vere ulike for ulike prosjekt. Du kan bruke verktøy som AIRR-tilnærminga vist over for å hjelpe deg.
- Beskriv korleis du har forma ut prosjektet for å ta inn tilnærminga til ansvarleg forsking og innovasjon gjennom heile implementeringa. Dette kan vere aktivitetar, prosessar og styringsstruktur som er avhengige av konteksten for prosjektet. Vi forventar at de inkluderer relevante tiltak og involverer samfunnsaktørar i diskusjonane. Om ikkje, forklar kvifor de ikkje gjer det.
- Forklar kva ressursar og tid de har tenkt å bruke på ansvarleg forskings- og innovasjonsaktivitetar. Legg vekt på behova de ser for dykk som kan inkludere læring knytt til dette arbeidet. Overlat detaljane til gjennomføringsdelen.
- Trur de at tilnærminga dykkar til ansvarleg forsking og innovasjon aukar dei moglege påverknadene for prosjektet? Beskriv dette under delen om verknader og effektar.
Alle desse kulepunkta er også gode døme på kva ein evaluator vil sjå etter for å identifisere tilnærming til ansvarleg forsking og innovasjon i søknaden din.
Ansvarleg forsking og innovasjon i evalueringskriteria
Vi trur bestemt at god bruk av ansvarleg forsking og innovasjon i prosjektet kan forbetre kvaliteten på og nytta av forsking og innovasjon og at det kan heve prosjektsøknaden på alle tre vurderingskriteria.
Viss vi i utlysinga ber dykk om å bruke ansvarleg forsking og innovasjonstilnærminga i prosjektet dykkar, så beskriv korleis de vil gjere dette så enkelt som mogleg.
De finn fleire råd under overskrifta Korleis du kan beskrive ansvarleg forsking og innovasjon i eit prosjekt og i ein søknad. Beskrivinga høyrer naturleg heime i forskingskvalitetsdelen ettersom kriteriet "Forskningskvalitet – kvalitet i FoU-aktivitetar" evalueringspunkt er metodesentrerte. Fleire av punkta er også knytte til nokre av (men ikkje alle) grunnsteinane i ansvarleg forsking- og innovasjonstilnærminga. Vi ber alltid evaluatorane om å gjere seg godt kjende med denne nettsida.
Døme til inspirasjon for integrering av ansvarleg forsking og innovasjon i prosjekt
Her er nokre døme på korleis ein kan få inn ansvarleg forsking og innovasjon i forskings- og innovasjonsprosjekt. Sjå på dei meir detaljerte punkta/spørsmåla ein kan stille seg og konsentrer dykk om den som er mest relevant for prosjektet dykkar.
- Nettverket av forskingsfinansiørar innanfor materialforsking og -innovasjon, M-era.net, sin RRI Guidelines (2022) kan brukast som inspirasjon når ansvarleg forsking og innovasjon skal innarbeidast i materialrelaterte prosjekt.
- Partnarskapen innanfor helse i EU har eigne retningslinjer: ERA4health Responsible Research and Innovation (RRI) Guidelines (2023).
- UK Research and Innovation samlar deira (R)RI forståing, rettleiingar og verktøy under "Good research resource hub".
- Det nederlandske forskingsrådet NWO (Dei Nederlandse Organisatie voor Wetenschappelijk Onderzoek) kallar RRI-metoden sin "Impact plan" og han viser potensialet til metodikken for auka verknader og effektar (Impact).
- Corporate Social Responsibility (CSR) har mykje til felles med RRI. Her kan du lese meir om denne tilnærminga.
Så kjært barn har mange namn, men per no held vi fram med å bruke nemninga ansvarleg forsking og innovasjon. Slik dette er presentert hos oss, er dette like relevant for forskingsorganisasjonar som for næringslivet.
Grunnelementa i ansvarleg forsking og innovasjon
Forsking, innovasjon og teknologi har kraft til å endre samfunnet. Vitskapen er ikkje skild frå samfunnet, men er ein del av det. Med dette følgjer eit viktig samfunnsansvar for finansiørar, forskarar og andre nøkkelgrupper involverte i vitskapleg og teknologisk utvikling og innovasjon. Alle involverte bør tenkje på
- kva retning forskinga tek oss i
- kven det er som kan ha nytte av ny forsking og innovasjon og kven det er som kanskje ikkje har nytte av det
- korleis moglege sosiale, miljømessige og etiske spørsmål kan vurderast gjennom heile forskings- og innovasjonsprosessen
Ansvarleg forsking og innovasjon handlar ikkje om å bedømme kva som er "bra" eller "dårleg", "positivt" eller "negativt", eller "ansvarleg" eller "uansvarleg". I staden handlar dette om rammar, teknikkar og verktøy for å tenkje på spørsmål om sosialt ansvar. Denne tilnærminga oppmodar dykk til å byggje inn metodar og prosessar for å vurdere fire viktige dimensjonar knytte til forsking og innovasjon (AIRR-dimensjonar):
Kva kan dei framtidige ønskte og uønskte effektane av prosjektet dykkar vere? Kven vil ha nytte av det og kven kanskje ikkje? Kan avgjerder takast no for å oppmuntre til dei gode effektane, samtidig som dei dårlege effektane blir minimerte? Dette handlar ikkje om uttømmande spådommar, men om å byggje ei kjensle av beredskap for framtida.
Kva stemmer, kunnskap og aktørar formar forskingsprosjektet dykkar? Inkludering handlar om å skape moglegheiter for tovegs-utveksling av informasjon, samarbeid om design eller ny kunnskap for å trekkje inn viktige stemmer og aktørar utanfrå og inn i forskingsprosessen.
Har de eit høve til å stoppe opp og gjere opp status for arbeidet dykkar? Er alle samde i måla og avgjerdene de har teke så langt? Refleksjon handlar om å sørgje for at det er plass og tid til å stille vanskelege spørsmål i fellesskap om prosjekts grunnlag.
Kva er dei viktigaste avgjerdspunkta i prosjektet dykkar? Er det mogleg å endre kurs, om de treng det? Den siste dimensjonen er ei påminning om at arbeidet de gjer på ansvarleg forsking og innovasjon trengst som eit grunnlag for utforminga, styringa og bruken av forskinga og/eller innovasjonen dykkar.
Desse dimensjonane har grenseflater mot fleire andre tverrgåande problemstillingar som brukarinvolvering, open forsking, forskingsetikk og andre viktige verdivurderingar.
Tilnærminga og bidraget Forskingsrådet har til ansvarleg forsking og innovasjon
I utlysingane våre
I over ti år har vi etterspurt ansvarleg forsking og innovasjon utlysingane våre, både nasjonalt og i internasjonale samarbeidsutlysingar. Måten vi har gjort det på har variert med tematikken i utlysinga og har utvikla seg gjennom åra, slik det skal vere med ansvarleg forsking og innovasjon.
Tilnærminga har vore mest etterspurd innanfor mogleggjerande teknologiar (t.d. IKT, bioteknologi og nanoteknologi), men også innanfor mat, helse og andre tema. Både Forskingsrådets eigne utlysingar, Horisont Europa-programmet og internasjonale fellesutlysingar i Norden og Europa etterspør dette. Per 2025 står det spesifikt i fleire utlysingar at ansvarleg forsking og innovasjon skal brukast i prosjektet, for deretter å vise søkjaren vidare til meir råd og informasjon om dette.
Ein aktiv bidragsytar til utviklinga av ansvarleg forsking og innovasjon
Forskingsrådet er ein sentral aktør innanfor ansvarleg forsking og innovasjon fordi vi er klar over dette når vi gir råd eller finansierer prosjekt. Ein av Forskingsrådets fire kjerneverdiar er å nettopp å vere ansvarleg. Vi har vore ein særs aktiv aktør heilt sidan ansvarleg forsking og innovasjon vart eit omgrep for over ti år sidan, og vi har jobba med nærliggjande tilnærmingar relatert til dette tidlegare.
Nasjonale og internasjonale nettverk som støttar arbeid med ansvarleg forsking og innovasjon
Forskingsrådet har bidrege til etableringa av den nasjonale samarbeidsplattforma Senter for digitalt liv Noreg (DLN), som har vore ein pilot for transdisiplinært samarbeid og ansvarleg forsking og innovasjon sidan oppstarten i 2016. På DLN sine nettsider ligg det nyttige råd om korleis dei beskriv ansvarleg forsking og innovasjon i kontekst av bioteknologi, og kva for nokre ansvarleg forskings- og innovasjonsaktivitetar dei har i nettverket sitt.
Då Forskingsrådet skulle etablere ei satsing på teknologikonvergens i 2021 var det heilt naturleg å inkludere ansvarleg forsking og innovasjon allereie i planleggingsfasen. Eit av elementa har vore å etablere ein læringsarena for prosjekta i satsinga, og Arina-nettverket vart starta opp i 2024. Der kan forskingsmiljøa og vi dele erfaringar og kunnskap om arbeidet med ansvarleg forsking og innovasjon i og på tvers av prosjekta og få innsikt i
- utfordringar knytte til å arbeide med transdisiplinær tilnærming, open forsking og samfunnsansvarleg forsking og innovasjon
- særskilde utfordringar knytte til forsking på teknologikonvergens for radikal teknologisk utvikling
- utfordringar som oppstår ved å kople forsking og radikal innovasjon
Milliardsatsinga på kunstig intelligens (KI) som startar opp i 2024 har tre spor: samfunnseffektar, teknologiutvikling og innovasjon. Ansvarleg forsking og innovasjonstilnærming er relevant for sentera som skal opprettast og for forskinga i alle spora – spesielt når det gjeld samfunnseffektar. Sjå meir om arbeidetet vårt med kunstig intelligens.
Vi har sidan 2016 bidrege i arbeidet med å implementere og utvikle retningslinjene for ansvarleg forsking og innovasjon i fleire europeiske Era-nett og no partnarskap. Erfaringa har vist at også i desse prosjekta er det viktig at vi integrerer tankegangen og aktivitetane allereie når vi formar ut søknadene om å etablere partnarskapa.
Prosjektet Ansvarlig forskning og innovasjon Norge (AFINO) var eit nettverks- og læringssenter for ansvarleg innovasjon og bedrifter sitt samfunnsansvar i Noreg, finansiert av Forskingsrådet (2019–2024). Målet var å utvikle kompetanse og nye metodar for å sikre at innovasjon blir ansvarleg, berekraftig og rettferdig. Det er samla mykje viktig kunnskap frå dette som ligg på nettsida og i publikasjonar.
Transforming Innovation Policy Consortium (TIPC) vart etablert i 2016 av fleire land saman. TIPC samlar organisasjonar med oppgåver knytte til forskings- og innovasjonspolitikk for å auke læringa i eigen organisasjon relatert til store samfunnsutfordringar. Vi deltok i konsortiet 2016–2022.
Korleis starta det?
Satsinga til Forskingsrådet på etiske-, juridiske- og samfunnsmessige aspekt ved teknologiforsking frå 2002, var ein del av den internasjonale utviklinga innanfor ansvarleg forsking og innovasjon. Satsinga vart vidareført med søkjelys på utvikling av forsking om, og forsking som, samfunnsansvarleg innovasjon.
Arbeidet innanfor ansvarleg forsking og innovasjon har heile tida vore knytt til dei mogleggjerande teknologiane bioteknologi, nanoteknologi og IKT og har modna mykje dei siste åra. Allereie i 2015 etablerte vi eit rammeverk basert på dei fire AIRR-dimensjonane: Sjå framover (Anticipation), Inviter med (Inclusion), Tenk igjennom (Reflection) og Jobb saman (Responsiveness).
Denne artikkelen frå bladet Forskningspolitikk i 2016 har eit utfyllande tilbakeblikk på ansvarleg forsking og innovasjon i Forskingsrådet: Ansvarleg forsking og innovasjon i Noregs forskingsråd.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. desember 2024, kl. 02.24 CET