Stortingsmeldinga om forskingssystemet
Våren 2025 legg regjeringa fram ei melding til Stortinget om forskingssystemet. Forskingsrådet støttar arbeidet og bidrar med kompetanse, analysar og råd.
I Langtidsplan for forsking og høgare utdanning varsla regjeringa at ho vil leggje fram ei stortingsmelding om forskingssystemet. Arbeidet er godt i gang, og meldinga skal leggjast fram våren 2025.
På regjeringa.no kan du lese meir om det pågåande arbeidet og bakgrunnen for meldinga.
Ein nødvendig gjennomgang
Forskingsrådet meiner ein gjennomgang av forskingssystemet er heilt nødvendig for å nå måla i langtidsplanen og bidra til ei kunnskapsbasert omstilling av Noreg.
– Vi treng eit forskings- og innovasjonssystem med kapasitet og kvalitet til å bidra med kunnskapen og verdiskapinga som krevst med ut frå dagens utfordringsbilete, samtidig som vi sikrar ein kunnskapsberedskap for å møte kunnskapsbehovet i framtida gjennom langsiktig, grunnleggjande forsking.
– Vi vil arbeide for at meldinga byggjer på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag og gir god retning for omstillinga i åra som kjem, seier administrerande direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit.
Vårt arbeid med stortingsmeldinga
Her finn du analysar og råd frå Forskingsrådet i samband med stortingsmeldinga:
- Anbefaling for et helhetlig forskningssystem for åpen, skjermet og gradert forskning med vedlegg - rapport til Kunnskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet utarbeidet sammen med Nasjonal sikkerhetsmyndighet og Forsvarets forskningsinstitutt (juni 2024)
- Innspel til arbeidet med systemmeldinga frå Forskingsrådets styre (mai 2024) (pdf)
- Rapport: Kunnskapsgrunnlag om forskningssystemet 2009–2022 – Utvikling, finansiering og samspill (mai 2024) (pdf)
- Innspel frå Forskingsrådets styre til regjeringa om Forskingsrådets rolle i forskingssystemet (september 2023) (PDF).
- Utviklingslinjer i Forskningsrådet 2012-2024: Forskningsrådet oppfølging av anbefalinger i eksterne evalueringer og gjennomganger (september 2023) (PDF)
- Innspel til regjeringa om auka FoU i næringslivet (november 2023) (PDF)
- Kunnskapsgrunnlag om utviklingstrekk i instituttsektoren (desember 2023) (PDF)
Kunnskapsdepartementet har sett ned ei prosjektgruppe for arbeidet der Forskingsrådet er representert.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. desember 2024, kl. 15.31 CET