Forskingsetiske krav
Vi stiller krav til høg forskingsetisk standard i dei prosjekta vi finansierer. Ansvaret for at lovverk og etiske retningslinjer blir følgt, ligg hos verksemda som er ansvarleg for prosjektet.
Alle som søkjer Forskingsrådet må gjere greie for etiske problemstillingar i prosjektet og beskrive korleis desse vil bli handterte. Denne inngår som del av prosjektbeskrivinga og søknadsvurderinga og er først og fremst ei forsikring til panelet som skal vurdere søknaden om at det er ei plan for å håndtere dei viktigaste etiske dilemma i prosjektet. Du kan bruke den forskingsetiske huskelista, som dei nasjonale forskingsetiske komiteane har laga, til hjelp.
Forskingsetiske retningslinjer
Du finn oversikt over både generelle og fagspesifikke forskingsetiske retningslinjer hos dei nasjonale forskingsetiske komiteane.
Retningslinjene omhandlar
- god forskingsskikk og relasjonen forskarar imellom
- forholdet mellom forskarar og andre menneske
- samfunnsansvaret til forskaren
Du kan kontakte Dei nasjonale forskingsetiske komiteane dersom du ønskjer råd om etiske problemstillingar i eit forskingsprosjekt.
Ureieleg forsking
Viss du vil varsle om ureieleg framferd i forsking, skal dette i første omgang varslast til den enkelte aktuelle institusjonen. Det er ulik praksis ved dei ulike institusjonane om korleis varsling skal gå føre seg.
Viss du lurer på noko om varsling av ureieleg framferd kan du kontakte Nasjonalt utvalg for gransking av uredelighet i forskning.
Verktøy for forsking med brukermedverknad
Meldinger ved utskriftstidspunkt 22. februar 2025, kl. 06.50 CET