Spør KI-samtaleroboten vår

Kva er Pilot Helse?

Pilot Helse er ei ordning som lyser ut midlar til ambisiøse innovasjonsløp som skal bidra til berekraft i helse- og omsorgstenestene og samtidig verdiskaping i norsk helsenæring.

Innovasjonsløpa skal vere baserte på avklarte behov hos pasientar, innbyggjarar eller i dei offentlege helsetenestene. Gjennom forpliktande samarbeid skal private og offentlege aktørar saman med brukarar utvikle gode løysingar som enkeltaktørar ikkje kan løfte fram åleine. Midlar i Pilot Helse-ordninga skal fungere som risikoavlasting både for offentlege og private aktørar.

Pilot Helse vart introdusert som en oppfølging av Meld. St. 18 (2018-2019) «Helsenæringen – sammen om verdiskaping og bedre tjenester» som beskriv mange av dei utfordringane helsenæringa står ovanfor for vidare vekst.

I meldinga beskriv ein også korleis helsetenestene står ovanfor tilsvarande store utfordringar, og at det er behov for nye innovative løysingar som kan gi betre og meir berekraftige tenester.

Pilot Helse skal finansiere innovasjonsløp der behova i tenesta og hos innbyggjarane kan matchast med verdsleiande løysingar frå norske bedrifter. I tillegg til å finansiere innovasjonsløp retta mot utvikling av gode løysingar som kjem raskare ut til pasientar og innbyggjarar, skal Pilot Helse-ordninga bidra til auka tillit og forståing mellom aktørane i helsesektoren.

Pilot Helse er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, dei regionale helseføretaka, Kommunesektorens organisasjon (KS), SIVA og Innovasjon Noreg. Det er Forskingsrådet som lyser ut midlar, men både utforming av utlysingane og delar av vurderinga er gjord i samarbeid med desse aktørane.

Kva kjenneteiknar eit Pilot Helse-prosjekt?

Eit Pilot Helse-prosjekt skal vere

  • basert på erkjende og spesifikke behov i spesialisthelsetenesta og/eller den kommunale helse- og omsorgstenesta som enten er forankra hos pasientar/innbyggjarar eller i tenesta sjølv
  • eit ambisiøst innovasjonsløp mest sannsynleg for framtidig implementering og skalering av løysingar nasjonalt og internasjonalt
  • eit samarbeid mellom fleire aktørar på tvers av offentleg, privat og eventuelt frivillig sektor som varetar perspektivet til brukarane på ein god måte

Eit Pilot Helse-prosjekt må

  • innehalde FoU-aktivitetar som bidrar til utvikling av innovative teknologiar, prosessar, produkt eller tenester som svarer på identifiserte og avklarte behov
  • inkludere FoU-aktivitetar som bidrar til å sikre at desse løysingane kan implementerast, blir kommersialiserte og blir skalerte i etterkant eller parallelt med FoU-prosjektet
  • ha potensial for å gi kvantifiserbare gevinstar både i offentleg og privat sektor

Pilot Helse-prosjekt er krevjande å utvikle og derfor er det lyst ut midlar til forprosjekt før utlysing av midlar til hovudprosjekt. 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 21. november 2024, kl. 21.41 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.